Undergrunnsbanen i London

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå London undergrunnsbane)
Linjer i
London Underground
  Bakerloo
  Central
  Circle
  District
  Hammersmith & City
  Jubilee
  Metropolitan
  Northern
  Piccadilly
  Victoria
  Waterloo & City
 
  Docklands Light Railway
  London Overground

T-banen eller undergrunnsbanen i London (engelsk London Underground, ofte kalla berre the Underground eller the Tube) er eit kollektivtransporttilbod som består av elektriske tog som køyrer i tunnelar under det sentrale London og i dagen gjennom forstadene til byen. Den første strekninga blei opna i 1863, noko som gjer banen til det eldste metrosystemet i verda.

Logoen til undergrunnsbanen i London, her på Westminster undergrunnsstasjon.

Sidan 2003 har undergrunnsbanen vore ein del av Transport for London (TfL), som også har det overordna ansvaret for koordinasjon og planlegging av bussrutene i byen, trikkelinjer, Docklands Light Railway, bussterminalen Victoria Coach Station, regulering av taxi-tenester og eit fåtal lokale jernbaneliner i byen (London Overground). Tidlegare blei undergrunnsbanen drive av London Regional Transport, som var direkte underlagt dei nasjonale myndigheitene.

Det var i februar 2007 268 opne stasjonar, og meir enn 408 km liner i bruk.[1] Banen fraktar omkring tre millionar passasjerar dagleg; i åra 1999 og 2000 blei det gjort til saman 927 millionar reiser, og i 2007 reiste over ein milliard med banen.[2] I tillegg til dei opne stasjonane finst det fleire eldre stasjonar som er nedlagde.

Charing Cross undergrunnsstasjon

Dei underjordiske strekningane er bygd på to ulike nivå, nokre rett under overflata (subsurface lines), og nokre djupt nede i bakken (dei opphavlege tube lines). Dei øvste har linene berre omkring 5 meter under overflata, medan dei djupe ligg på 20 meter eller meir. Dei øvre tunnelane har same standard som vanlege tog, medan dei djupe er svært smale og set avgrensingar på kva slags tog som kan bli nytta. Begge typar har òg trafikk i dagen, unntatt Victoria-linja og Waterloo & City-linja; førstnemnde har berre depotplass over bakken, medan sistnemnde er svært kort og berre køyrer under bakken.

Linjer[endre | endre wikiteksten]

Tabellen skildrar kvar enkelt linje, med fargen som blir brukt for å symbolisere linja på kart over undergrunnen, datoen den først blei opna, type tunnel og lengde.

Linjer i Londons undergrunnsbane
Namnet til linja Kartfarge Opna Type tunnel Lengde
Bakerloo-linja Brun 1906 Djup tunnel 23 km
Central-linja Raud 1900 Djup tunnel 74 km
Circle-linja1 Gul 1884 Grunn tunnel 22 km
District-linja2 Grøn 1868 Grunn tunnel 64 km
Hammersmith & City-linja4 Rosa 1864 Grunn tunnel 14 km
Jubilee-linja Sølv 1979 Djup tunnel 36 km
Metropolitan-linja Lilla 1863 Grunn tunnel 67 km
Northern-linja5 Svart 1890 Djup tunnel 58 km
Piccadilly-linja Mørk blå 1906 Djup tunnel 71 km
Victoria-linja Lys blå 1969 Djup tunnel 21 km
Waterloo & City-linja6 Turkis 1898 Djup tunnel 2 km
  1. Circle-linja fekk dette namnet i 1949. Den blei opphavleg bygd som ei rute innanfor District- og Metropolitan-linjene.
  2. Heitte opphavleg Metropolitan District Railway
  3. Var opphavleg ein eigen bane drive av fleire selskap. Blei overteke av London Underground i 1948, men vanlege godstog brukte linja heilt til 1966. I mange år blei dem rekna som ein del av Metropolitan-linja, og vist på kart med lilla og kvit stipla linje. Den fekk status som eiga linje i 1980-åra.
  4. Opphavleg ein del av Metropolitan-linja; blei eiga linje i 1990.
  5. Den travlaste linja, med to greiner gjennom sentrum.
  6. Blei underlagt London Transport i 1994.

Start- og stoppestader[endre | endre wikiteksten]

Start- og stoppestad
Linjer Start 1 Start 2 Stopp 1 Stopp 2
Bakerloo-linja Harrow & Wealdstone - Elephant & Castle -
Central-linja West Ruislip Ealing Broadway Epping Woodford
Circle-linja Paddington1 - Bayswater1 -
District-linja Richmond/Ealing Broadway Wimbledon/
Kensington (Olympia)
Upminster Edgware Road
Hammersmith & City-linja Hammersmith - Barking -
Jubilee-linja Stanmore - Stratford -
Metropolitan-linja Amersham/Chesham Watford/Uxbridge Aldgate -
Northern-linja High Barnet Edgware Morden -
Piccadilly-linja Heathrow Terminal 5 Uxbridge Cockfosters -
Victoria-linja Walthamstow Central - Brixton -
Waterloo & City-linja Waterloo - Bank -

1. Linja går i sirkel. Dei to
stasjonane er rekna med
Paddington som startstad.

Fram til 2007 var det òg ei tolvte linje på undergrunnen, Aust-London-linja. Denne linja er no open igjen som ei London Overground-linje i 2010.

Undergrunnsbanen har overgang til Docklands Light Railway og London Overground ved fleire stasjonar, og med Tramlink ved Wimbledon stasjon. Han er også knytt til dei store jernbaneterminalane i London. Den einaste jernbaneterminalen som ikkje har direkte samband med undergrunnsbanen er Fenchurch Street; nærmaste undergrunnsstasjon er i dette tilfellet Tower Hill, som ligg i underkant av 500 meter unna.

Mangelen på liner sør for det sentrale London blir skulda på geologiske forhold, som gjer det svært dyrt å bygge ut banen i den retninga. Det skal også vere svært vanskeleg å bygge tunnelar under Themsen, sjølv om den eksisterande Northern-linja går under elva. Ei nyare forklaring på mangelen er at då ein gjorde dei største arbeida med banen var det sørlege London allereie godt forsynt med kollektivtransport av andre slag, og ein valde å ikkje prioritera dette området.

Stasjonane på Heathrow[endre | endre wikiteksten]

Piccadilly-linja går til Heathrow flyplass. Den går tydeleg saktare enn Heathrow Express, ei jarnbanelinje med tog som går direkte til Paddington, men har langt fleire avgangar, og er samstundes mykje billigare. Derfor er dette eit populært framkomstmiddel til og frå flyplassen.

Kart[endre | endre wikiteksten]

Dette GNU-kartet av Sone 1 spelar på det berømte kartet til London Underground. Til forskjell ifrå det meir berømte kartet er banene her geografisk korrekte i staden for rette strekar.

Utbetringar[endre | endre wikiteksten]

Den forholdsvis korte East London-linja skal bli forlenga i tre retningar, og vil forsvinne frå undergrunnsnettet og bli trafikkert som ein del av London Overground frå 2010. Det er også planar om å stenge noverande Watford stasjon på Metropolitan-linja og opne ei strekning frå Croxley til Watford Junction for overgang til jernbanenettet.

Om sommaren kan temperaturane på undergrunnen bli ukomfortabelt høge, grunna dårlege ventilasjonsanlegg. Under varmebølgja sommaren 2006 blei det rapportert om heile 47 °C på den varmaste dagen. Derfor blei det i 2006 og 2007 gjort forsøk med nedkjøling av grunnvatn på stasjonen Victoria. Dette blei gjort for å finne ut om dette skulle bli nytta òg på andre stasjonar.

Det har også blitt gjort forsøk med mobilnettdekning, for ei eventuell utbygging av mobilnett i tunnelane.

Billettsystem[endre | endre wikiteksten]

Portar for billettkontroll
Oyster-kortet

Undergrunnen er inndelt i dei same kollektivsonene som bussnettet til Transport for London. Sone 1 er den indre bykjerne. Det meste av det indre London blir omfatta av sone 1 og 2, men nokre delar ligg i sone 3. Sone 1 til 6 dekkjer heile Stor-London. Nokre stasjonar ligg utanfor dette området, som Amersham og Chesham i Chiltern Hills. Desse er delt inn i sonane A, B, C og D.

Generelt gjeld det at reisa er dyrare jo fleire soner ein reiser gjennom, men det er også slik at reiser gjennom sone 1 er dyrare enn reiser i ytre soner. Dei fleste av stasjonane kor ein kan skifte line ligg i sone 1. Dette tyder at dei fleste reiser av lik lengde kostar det same.

Det kan bli brukt enkeltbillettar, dagskort, tredagarskort, vekekort, månadskort og årskort. I 2003 blei Oyster Card innført (med namn etter Jack Kerouac-sitatet «the world is your oyster», «verden er din østers»). Det er eit smartkort kor ein kan fylle på kreditt, og som blir sveipa over ein lesar ved portane. Reisekostnadene blir tydeleg redusert ved bruk av Oyster-kortet. Til dømes kostar ein enkeltbillett innanfor sone 1 4 pund ved kjøp av tradisjonelle papirbillettar, medan same strekning ved bruk av Oyster-kort kostar 1,50 pund.

Billetter blir først og fremst brukt i automatar. Dei fleste automatar tar internasjonale kredittkort, setlar og myntar. Nord-irske og skotske pengar kan ikkje bli brukt. Dei fleste av automatane gir tilbake vekslepengar, medan nokre er merka exact change only, «berre nøyaktig beløp». Det er bemanning på dei fleste stasjonar delar av dagen. Periodekort frå undergrunnen kan også bli brukt på buss og tog innanfor dei sonar dei dekkjer. Etter kl. 09.30 blir off-peak-dagskort selt, som gjeld til 04.30 neste dag. Desse er billegare enn korta som gjeld i 24 timer og som også dekkjer den verste rushtida (peak) om morgonen.

For å minske talet snikarar er det automatiske portar ved dei fleste inngangar og utgangar til og frå plattformområdet. For at desse skal opne seg må ein setje inn ein gyldig billett, eller legge Oyster-kortet over ein sensor. Vekes-, månads- og årskort kjem i to delar, med eit identitetskort og eit kort som blir brukt i portane. For turistar skapar det ofte problem at ein ikkje er klar over at billetten må bli brukt også for å kome ut. Personalet kan låse opp for ein, men dersom ein ikkje har gyldig billett på seg inntil ein har forlate kan ein risikere å bli ilagt bot. Denne kan bli teken inn på staden. Billetten må også gjelde i den sonen ein er i for at portane skal opne seg.

Referansar[endre | endre wikiteksten]