Lonely Planet av Dorians

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Lonely Planet»
Singel av Dorians
Land Armenia
Språk Engelsk
Lengd 3:00
Låtskrivar(ar) Tony Iommi og Vardan Zadoyan

«Lonely Planet» (engelsk for Einsam planet) er det armenske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framførd på engelsk av Dorians. Songen er skriven av Tony Iommi og Vardan Zadoyan.

Eurovision Song Contest 2013[endre | endre wikiteksten]

«Lonely Planet»
ESC2013 - Armenia 01.jpg
Eurovision Song Contest 2013
Land Armenia
Artist(ar) Gor Sujyan, Gagik Khodavirdi, Arman Pahlevanyan, Edgar Sahakyan og Arman Jalalyan
Alias Dorians
Språk Engelsk
Komponist(ar) Tony Iommi
Låtskrivar(ar) Vardan Zadoyan
Resultat
Armenia i Eurovision Song Contest
«Boom Boom»
(2011)
«Lonely Planet»

22. januar 2013 annonserte Hayastani Hanrayin herrustaynkerut'yun (APMTV) at dei hadde valt ut Gor Sujyan til å representere Armenia i Eurovision Song Contest 2013. Det vart halden ein nasjonal uttaking der «Lonely Planet» vann og vart valt ut til å vere det armenske bidraget. Seinare vart det stadfesta at Sujyan ville delta under namnet Dorians, ei musikkgruppe han er med i. Sidan berre Frankrike, Italia, Storbritannia, Spania, Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige er direktekvalifisert til finalen må kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Armenia vart tildelt ein plass i den andre semifinalen 16. mai 2013 i Malmö Arena.

Semifinale 2[endre | endre wikiteksten]

Songen vil starte som nummer elleve, etter Israel med «Rak bishvilo» av Moran Mazor og før Ungarn med «Kedvesem» av ByeAlex.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]