Long John Silver av Jefferson Airplane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Long John Silver
Studioalbum av Jefferson Airplane
Innspelt Mars til mai 1972 i Wally Heider Studios i San Francisco
Sjanger Psykedelisk rock
Lengd 41:25
Selskap Grunt/RCA
Produsent Jefferson Airplane
Kritikk
Jefferson Airplane-kronologi
Bark
(1971)
Long John Silver Jefferson Airplane
(1989)

Long John Silver er det siste studioalbumet til Jefferson Airplane før 1989. Det kom ut i 1972 og nådde 20. plass i Amerika.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Etter fleire soloprosjekt for Grunt Records, kom medlemmane i Jefferson Airplane endeleg saman igjen i mars 1972 for første gong sidan Bark kom ut. Paul Kantner, Grace Slick, Jorma Kaukonen, Jack Casady, Joey Covington og Papa John Creach kom alle attende. Innspelinga i Wally Heider Studios pågjekk i tre månader, men det var stor splid i gruppa og kvart av medlemmene spelte inn sine delar separat.[1] Joey Covington forlet bandet under innspelinga og John Barbata og Sammy Piazza spelte trommer på resten. Innspelinga var ferdig i mai og albumet kom ut i juli.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom ut på Grunt Records, og klatra til 20. plass på den amerikanske albumlista. Bandet gjorde seg klare for ein turne i USA, den første for bandet sidan 1970. Turneen starta i juli, og besetninga var Kantner, Slick, Kaukonen, Casady, Creach, Barbata og David Freiberg. Freiberg tok over for Marty Balin på harmonivokal, men spelte òg tamburin og «prøvde å halde bandet saman».[1] Turneen enda i september i Winterland, med Balin på scenen under ekstranummera. Konsertane i Chicago Auditorium og Winterland vart gjevne ut på konsertalbumet Thirty Seconds Over Winterland.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Musikk Lengd
1. «Long John Silver»   Jack Casady 4:22
2. «Aerie (Gang of Eagles)»   Slick 3:53
3. «Twilight Double Leader»   Kantner 4:42
4. «Milk Train»   Papa John Creach, Roger Spotts 3:18
5. «The Son of Jesus»   Kantner 5:27
Side to
# Tittel Musikk Lengd
1. «Easter?»   Slick 4:00
2. «Trial by Fire»   Kaukonen 4:31
3. «Alexander the Medium»   Kantner 6:38
4. «Eat Starch Mom»   Kaukonen 4:34

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Tamarakin, Jeff (2003). Got a Revolution: The Turbulent Flight of Jefferson Airplane. Simon and Schuster. ISBN 0671034030.