Vivendel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Lonicera periclymenum)
Vivendel
Vivendel
Vivendel
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Dipsacales
Familie: Kaprifolfamilien Caprifoliaceae
Slekt: Leddvedslekta Lonicera
Art: Vivendel L. periclymenum
Vitskapleg namn
Lonicera periclymenum

Vivendel (Lonicera periclymenum) er ein lian i leddvedslekta i kaprifolfamilien som klengjer seg på andre tre og buskar. Han veks vilt i Europa pg blir også brukt som hageplante.

Vivendelblomar.
Foto: Trish Steel, 2005

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Vivendel har klengjestengel, og tvinnar seg rundt andre tre og greiner. Stengelen kan bli mange meter lang. Vivendel har einskilde mjuke hår på blada, og store lysgule blomsterhovud i greintoppane. Blomstrane kan vere raudfarga på utsida.

Blomsteren på vivendel ser ut som ein rett trompet. Det er berre insekt med lang sugesnabel som rekkjer ned til nektaren inst i blomsterrøyret.

Etter blomstring får vivendelen raude bær.

Utbreiinga av vivendel.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Vivenvdel finst i Vest-Europa, på øyar i Middelhavet, i Marokko og i Vesleasia. I Noreg veks vivendelen kring Oslofjorden og i kyst- og fjordstrok nord til Velfjord. I Sokndal veks han opp til 450 moh. Vivendelen veks òg i kyststrok i Sør-Sverige.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Vivendel er fylkesblomster i Aust-Agder.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]