Lookin' Out My Back Door

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lookin' Out My Back Door
Singel av Creedence Clearwater Revival
frå albumet Cosmo's Factory
B-side «Long As I Can See the Light»
Utgjeve 25. juli 1970[1]
Sjanger Southern rock, countryrock
Lengd 2:35
Selskap Fantasy
Låtskrivar(ar) John Fogerty
Produsent John Fogerty
Creedence Clearwater Revival-kronologi
«Up Around the Bend»
(April 1970)
Lookin' Out My Back Door «Have You Ever Seen the Rain?»
(Januar 1971)

«Lookin' Out My Back Door» er ein song av det amerikanske rockebandet Creedence Clearwater Revival. Songen vart skriven av frontmannen John Fogerty og vart gjeven ut på albumet deira Cosmo's Factory i 1970. Singelen vart den femte og siste som nådde andreplassen på Billboard-lista i USA. «Lookin' Out My Back Door» var ein hyllest til Bakersfield Sound, ein musikkstil som påverka John Fogerty og Creedence. Buck Owens, ein av artistane som utvikla Bakersfield Sound er nemnd i teksten.

«Lookin' Out My Back Door» nådde andreplassen på Billboard-lista og gjekk til topps på Cash Box-lista i USA og på VG-lista i Noreg.

Songen vert nytta i Coen-brørne-filmen The Big Lebowski og i We Are Marshall frå 2006.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

I 1973 vart songen spelt inn av Hong Kong-artisten Ma Chia Nar på albumet For Mama.There Goes My Everything. The Stray Cats spelte songen i 1983. Det finske metal-bandet Children of Bodom spelte ein versjon av songen på albumet Skeletons In The Closet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]