Looks Like We Made It

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Looks Like We Made It
Singel av Barry Manilow
frå albumet This One's For You
B-side

«New York City Rhythm» (Live)

Utgjeve 20. april 1977
Sjanger Pop
Lengd 3:33
Selskap Arista
Låtskrivar(ar) Richard Kerr og Will Jennings
Produsent Ron Dante
Barry Manilow-kronologi 
«Weekend in New England»
(1976)
Looks Like We Made It «Daybreak»
(1977)


«Looks Like We Made It» er ein song av den amerikanske songaren Barry Manilow frå 1976 på albumet This One's for You, skriven av Richard Kerr og tekst av Will Jennings. Han kom ut på singel 20. april 1977.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Songen vart først gjeven ut i 1976 på albumet This One's for You, og kom ut på singel i 1977 og nådde toppen av Billboard Hot 100, and the U.S. Adult Contemporary-lista.

Trass i optimismen i songtittelen handlar songen om at eg-personen og eks-kjærasten hans begge har vorte lukkelege at etter å ha gått frå kvarandre. Dei har «klart det» (made it), men kvar for seg, ikkje i lag. Låtskrivar Will Jennings sa,

« Richard [Kerr] og eg har ofte snakka om folk, millionar av dei i verda, som misforstod teksten til «Looks Like We Made It». Det er ein ganske trist og ironisk tekst om å klare seg kvar for seg, og ikkje i lag, og alle tenker sjølvsagt at det er ei positiv utsegn. Eg veit ikkje. Kanskje det er...på ein måte.[1] »

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  • 7" AS 0244
  1. "Looks Like We Made It" – 3:33
  2. "New York City Rhythm (Live)"

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1977) Plassering
Billboard Hot 100 1
US Adult Contemporary (Billboard) 1

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt inn av Facts of Life i 1977.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hyatt, Wesley (1999). The Billboard Book of Number One Adult Contemporary Hits. Billboard Books. s. 208. ISBN 978-0-8230-7693-2. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]