Loppa kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Loppa kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Loppa
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Alta
Sokn Loppa
Fellesråd Loppa
Type Langkyrkje
Arkitekt Hans Magnus og Johan Lindstrøm d.y.
Material Tre
Innvigd 1954
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 150
Kart
Loppa kyrkje
70°20′05″N 21°27′14″E / 70.3348°N 21.454°E / 70.3348; 21.454
Wikimedia Commons: Loppa kirke

Loppa kyrkje er ei langkyrkje i tre i Loppa kommune i Finnmark fylke. Ho blei bygd i 1953 og innvigd i 1954. Arkitektar for kykja var Hans Magnus og Johan Lindstrøm d.y.[1] Loppa kyrkje høyrer til Loppa kyrkjelyd og ligg i Alta prosti i Nord-Hålogaland bispedøme.

Kyrkja har 300 sitjeplassar nede i sjølve kyrkjerommet og 30 plassar på galleriet. I eit tilbygg finst ein kyrkjelydsal med endå rundt 100 sitjeplassar. Tilbygget er forbunde med kyrkjerommet med eit sett dobbeltdører ein kan slå opp slik at om lag 400 personar (og 30 på galleriet) kan ta del i kyrkjelege handlingar samstundes.[2]

Kyrkja har for det meste modernistisk prega inventar, men har også noko innreiing frå eldre kyrkjer på staden. Preikestolen frå første halvdelen av 1600-talet er pynta med evangelistar. Altertavla er frå 1607 og viser krossfestinga av Jesus med snodde søyler og utskorne venger. Nordveggen av skipet har eit epitafium frå 1678 som viser sokneprest Torben Gamst og familien hans. Sørsida har eit mindre epitafium frå 1747.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja blei bygd som ein del av gjenreisinga av Finnmark etter andre verdskrigen; Loppa blei brend hausten 1944 då den tyske okkupasjonsmakten trekte seg ut av fylket.[4] Den nye kyrkja blei innvigd av biskop Alf Wiig den 5. september 1954.[2]

Den førre kyrkja brann i 1944.
Foto: Alfred Obert Hagn / Riksantikvaren

Den førre kyrkja på staden var ei krosskyrkje i tre frå ca. 1742-1745.[5] Delar av inventaret blei redda og finst no dels i den nye kyrkja og dels i Tromsø Museum.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Loppa kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja. 
  2. 2,0 2,1 Gamst, Leonhard 1904-1987; Samuelsberg, Harald 1911-1986 (1983). Loppas historie: bygdebok for Loppa kommune. Loppa kommune. s. 384. ISBN 8299096308. 
  3. Loppa kirke i Kyrkjesøk
  4. 4,0 4,1 Dra på Lopphavet frå Digitalt fortalt
  5. O. Nicolaissen: Kirker i Nord-Norge : XIII. Kjerringøy kirke. 12-13 : XII. Loppens kirke XIII. Kjerringøy kirke, Tromsø Museum 1920, side 3-14 digital utgave

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]