Lorens Berg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lorens Berg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. januar 1862
Kodal
Død

14. september 1924 (62 år)
Oslo

Yrke lærar
Frå gravferda til Berg ved Kodal kyrkje.

Lorens Berg (18. januar 186214. september 1924) var ein norsk lærar og lokalhistorikar.

Lorens Berg var fødd i Kodal i tidlegare Andebu kommune. Han var gjetargut, gardsgut og sjømann, før han blei lærar i 1881. Han var lærar på Prestbyen i Kodal frå 1891 til 1899.

I 1905 gav Berg ut boka Andebu - en vestfoldbygds historie i 1600-aarene, og innleia med denne eit lokalhistorisk forfattarskap som kom til å bli banebrytande i Noreg, bygd på arkivstudie og ei sikker, metodisk framstillingsform. I løpet av mindre enn 20 år gav han ut bygdebøker om Brunlanes, Hedrum, Tjølling, Sandeherred (Sandar), Tjøme, Nøtterøy og Stokke. Han blei statsstipendiat i 1911.

Lorens Berg døydde i Kristiania 14. september 1924. Han blei gravlagt på Kodal kyrkjegard 19. september 1924, der det er reist eit minnesmerke ved grava. I 1952 blei det avduka ein statue av Lorens Berg laga av Hans Holmen ved Prestbyen i Kodal.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]