Lorentztransformasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lorentztransformasjonar er i fysikk ei rekkje transformasjonar formulert av den nederlandske fysikaren Hendrik Lorentz. Det var eit resultat av eit forsøk Lorentz og andre gjorde på å forklare korleis lysfarten alltid vart observert til å vere den same uavhengig av referansesystemet ein observerte, og å prøve å forstå symmetriane i lovene i elektromagnetismen. Lorentztransformasjon er i samsvar med spesiell relativitet, men vart utleidd ei god stund før den spesielle relativitetsteorien.

Transformasjonane skildrar korleis målingar av rom og tid av to observatørar er knytte saman. Dei syner at observatørar som flyttar seg med forskjellig snøggleik i høve til kvarandre kan måle forskjellig lengd, tida som har gått og til og med forskjellig rekkefølgje av hendingar. Dei erstatta galileisk transformasjon innan newtonsk fysikk, der ein tenkjer seg eit absolutt rom og tid. Den galileiske transformasjonen er ei god tilnærming når den relative snøggleiken er mykje mindre enn lysfarten.

Lorentztransformasjonen er ein lineær transformasjon. Han kan omfatte ein rotasjon av rommet og ein rotasjonsfri Lorentztransformasjon vert kalla ein Lorentz boost.

I Minkowski-rom bevarer Lorentztransformasjonane romtidintervallet mellom to hendingar. Dei skildrar berre transformasjonane der ei romtidhending i starten vert halden i ro, slik at dei kan reknast som ein hyperbolsk rotasjon av Minkowski-rommet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]