Loreto-regionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Perú Loreto.png

Loreto-regionen (spansk Región Loreto, quechua Luritu suyu) er regionen i Peru med størst flatevidd og ligg lengst nordaust i landet. Folkesetnaden var 798 646 i 1996, arealet er 368 852 km² som er noko større enn til dømes Tyskland i Europa. Om lag halvparten av folkesetnaden bor i regionhovudstaden Iquitos.

Han har grenser mot Ecuador i nordvest, mot Colombia i nord og mot Brasil i aust. Han har grenser mot andre peruanske regionar, i vest mot Amazonas-regionen, og i sør mot: San Martín, Huánuco og Ucayali.

Politisk inndeling i provinsar[endre | endre wikiteksten]

Regionen er delt inn i sju provinsar, som samla inneheld 48 distrikt. Provinsane er, med hovudstader i parentes:

  • Alto Amazonas (Yurimaguas)
  • Datem del Marañón (San Lorenzo)
  • Loreto (Nauta)
  • Mariscal Ramón Castilla (Caballococha)
  • Maynas (Iquitos)
  • Requena (Requena)
  • Ucayali (Contamana)


Flag of Peru (state).svg Regionar i Peru Flag of Peru (state).svg
Amazonas | Ancash | Apurímac | Arequipa | Ayacucho | Cajamarca | Callao | Cuzco | Huancavelica | Huánuco | Ica | Junín | La Libertad | Lambayeque | Lima metropol |Lima | Loreto |
Madre de Dios | Moquequa | Pasco | Piura | Puno | San Martín | Tacna | Tumbes | Ucayali