Lorgnett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lorgnett av sølv, om lag 1909

Ein lorgnett er briller med handtak som vert halde i handa i staden for at brillene vert festa ved øyrene.[1] Dei vart funne opp av engelskmannen George Adams. Lorgnetten vart på 1800-talet ofte nytta som ei utsmykking og ikkje berre for å forsterke synet. Moteriktige kvinner nytta ofte lorgnettar i staden for briller. Lorgnetten vart etter kvart mykje nytta av publikum i operaen eller teateret og utvikla seg seinare til teaterkikkerten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.merriam-webster.com/dictionary/lorgnette