Los Alcornocales

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Montes de Propio ved Jerez de la Frontera

Los Alcornocales er ei fjellkjede og eit naturreservat sør i Spania i den autonome regionen Andalucia. Naturreservatet ligg mellom provinsane Cádiz og Málaga. Naturparken dekkjer eit område som utgjer 17 kommunar med totalt om lag 380 000 innbyggjarar. Namnet tyder 'korkeiklundane'.

Kart over naturreservatet.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Utsyn frå toppen av El Picacho.

Los Alcornocales ligg i eit område som har middelhavsklima, men fleire faktorar gjer likevel klimaet unikt. Nærleiken til havet gjer at vêret er mildt året rundt. Nedbørsmengdene går vanlegvis over 800 mm i året, medan enkelte soner får over 1400 mm. I dei sørlege delane av fjella er det mykje tåke, kjend som barbas del levante (skjegget frå aust). Denne tåka tilfører fukt i dei elles lange tørre periodane som vanlegvis pregar middelhavsklimaet. Ein konstant vind gjer at området er eit av dei beste områda i Spania for å setje opp vindmølleparkar.

El Picacho

Fjell[endre | endre wikiteksten]

To fjell preger området og er rekna som sceniske stader: El Aljibe, det høgste fjellet i Los ALcornocales på 1092 meter, og El Picacho.

Planteliv[endre | endre wikiteksten]

Klatreplanten Aristolochia baetica held til her.

Nesten heile det ubygde landområdet i parken består av middelhavsurskog. Noko av området er rydda for kvegfarmar, men det meste av den menneskelege aktiviteten i parken er knytt til ressursane i skogen, som jakt, soppsamling og finne gode eksemplar av treaktig lyng. Den treaktige lyngen (Erica arborea, som er kalla «brezos» på spansk) er ein liten eviggrøn busk som sjeldan vert meir enn to-tre meter høg. Trevirket vert nytta til å lage tobakkspiper og er eit særs godt råmateriale for å lage trekol.

Kork samla frå eiketre

Meir enn noko anna vert skogen nytta til produksjon av kork. Parken er kjenneteikna ved å ha dei største korkskogane i Spania og ein av dei største i verda. Korkeika (Quercus suber) er eit tre med eit svampaktig lag mellom den ytre flata av barken og det indre levande laget, kalla blautbast. Om det er gjort rett, kan ein hauste kork frå trea kvart tiande til tolvte år utan å skade treet, for korklaget veks ut att. Kork har mange kommersielle bruksområde, som i vinflasker, oppslagstavler, ølbrikker, isolering, lok for syltetøysglas eller krukker, golvmateriale, pakningar i motorar, handtak osv.

Skogar og mindre skogkledde område i parken består hovudsakleg av korkeik, portugisisk eik, pyreneisk eik (Quercus pyrenaica), oliventre (Olea europaea), or (Alnus glutinosa og Alnus incana incana), kristorn (Ilex aquifolium), laurbærtre (Laurus nobilis), rododendron (Rhododendron ponticum), bregne, mosar og lav.

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Holemåleri av ein hjort.

Området har vore busett i titusenvis av år, og ein har funne spor etter neandertalar frå meir enn 30 000 år sidan, i tillegg til steinreiskapar, graveringar, grottemåleri frå både den yngre og eldre steinalderen. Det er også oppdaga over 50 grotter som vart nytta som bustader i bronsealderen.

Seinare i historia har den eine sivilisasjonen og kulturen overlappa den andre og dominert i området. Kvar av dei har har etterlate seg spor i landskapet. Her finst megalittiske monument, iberiske, fønikiske og romerske ruinar, arabiske festningar og meir. Mange av byane i området hadde gullalderen sin under det muslimske Nasrid-dynastiet, då området låg heilt vest i Kongedømet Granada.

Busetnader i parken[endre | endre wikiteksten]

Frå Jimena de la Frontera.

Heile eller delar av seksten kommunar i provinsen Cádiz ligg innanfor Los Alcornocales naturpark: Alcalá de los Gazules, Algar, Algeciras, Arcos de la Frontera, Benalup-Casas Viejas, Benaocaz, Castellar de la Frontera, El Bosque, Jerez de la Frontera, Jimena de la Frontera, Los Barrios, Medina-Sidonia, Prado del Rey, San José del Valle, Tarifa og Ubrique. Ein by i provinsen Malaga ligg òg innanfor parken, Cortes de la Frontera.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]