Loser

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 47°40′0″N 13°46′0″E
Loser
fjell
none
Land Flag of Austria.svg Austerrike
Region Steiermark
Fjellkjede Totes Gebirge
høgd 1 838 moh
skardhøgd 408 m
koordinatar 47°40′0″N 13°46′0″E
Lettast tilkomst Loser Restaurant - Augstsee
Austria location map.svg
Locator Red.svg

Loser er eit fjell i Ausseerland i Austerrike, som strekkjer seg opp til 1 838 meter over havet.

Fjellet er eit markant landemerke i Ausseerland. Dei lokale innbyggjarane kallar det òg for Ausseer Ohrwaschl (Aussee-øyret) på grunn av forma. Ein kan nå toppen med å køyre bil via ein bomveg på ni kilometer. På 1 600 m ligg Loser Restaurant, og frå her kan ein gå forskjellige turar. Innsjøen Augstsee ligg like ved restauranten og er eit mål for mange turgåarar. Frå her kan ein nå toppen ved å gå forbi Loser-Fenster (Loser-vindauget), ein naturleg port i fjellet. Eit av dei viktigaste skisentera i Ausseerland ligg på Loser, og strekkjer seg om lag 1 000 m oppover.

Loser solkraftverk[endre | endre wikiteksten]

Det største solkraftverket i Alpane ligg på sørsida av Loser i 1 600 meter høgd. Den reine lufta, mangelen på tåke, og refleksjonen frå snøen om vinteren skapar gode forhold for å omforme sollys til elektrisitet. Loserkraftverket vart bygd på slutten av 1980-talet og består av 598 solmodular som dekkjer eit område på 263 kvadratmeter. Tre generatorar produserer om lag 30 kilowatt under optimale forhold, som går ut på straumnettet via ein kraftvekselrettar.