Eggemysteriet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Lost in the Andes)
Teikningar av ulike fugleegg frå British Museum.

Lost in the Andes!, på norsk kalla Eggemysteriet, er ein teikneserie med Donald Duck, skriven og teikna av Carl Barks. Teikneserien vart utgjeven i 1949 i Dell Comics' Four Color Comics nr. 223, og handlar om Donald og nevøane hans, Ole, Dole og Doffen, som reiser til Andes i Sør-Amerika for å finna opphavet til nokre mystiske firkanta (kubiske) egg dei oppdaga på eit museum i Andeby.

Teikneserien kom ut i Noreg i bladet Donald Duck & Co nr. 13–17 våren 1963 og er truleg den mest omtala Donald-historia i landet, mellom anna på grunn av at det mystiske firkantfolket snakkar nynorsk med vossasvip i den norske omsetjinga. Eggemysteriet er rekna som ein teikneserieklassikar og har vore kåra til den beste Donald-historia av lesarar i Skandinavia og Tyskland.[1]

Don Rosa skreiv og teikna ein oppfølgjar, Return to Plain Awful («Tilbake til Gufseplassen») i samband med 40-årsjubileet til Eggemysteriet i 1989. I oppfølgjaren drar Donald og nevøane, denne gongen saman med Skrue McDuck, attende til sivilisasjonen dei møter i originalhistoria.

Samandrag[endre | endre wikiteksten]

Historia handlar om Donald og nevøane Ole, Dole og Doffen. Dei er medlemmer av ein museumsponsa ekspedisjon, der ein leiter etter kjelda til nokre firkanta «artefakter» oppbevart i museet i Andeby, som viste seg å vera firkanta egg då Donald miste ein i golvet og knuser han. Det oppstår ei aukande interesse, både frå vitskapleg og kommersielt hald, til å finna opphavet til desse egga og hønsa som legg dei. Det einaste som er kjent er at dei kom frå Peru og vart funne einkvan stad i Andesfjella.

I løpet av ferda til Sør-Amerika bruker Ole, Dole og Doffen nokre av dei gamle firkanta egga frå museet til å laga ein omelett. Dette fører til at medlemmane av ekspedisjonen vert matforgifta. Når båten deira når Peru, er det berre dei yngste i gruppa, og lågast rangerte i hierarkiet, som er i form til å halda fram med ekspedisjonen: Donald og nevøane hans.

Carl Barks var sterkt inspirert av Machu Picchu og Inka-arkitektur då han teikna den visuelle verda i historia.

Søkinga deira etter firkanta egg i Andes ser i starten håplaus ut, ettersom dei lokale innbyggjarane anten trur dei er galne eller lettlurte, som kan narrast til å kjøpa falske egg. Omsider møter dei ein gamal mann, som fortel dei korleis far hans ein gong fann firkanta steinar lik dei firkanta egga. Faren hadde funne dei på ein bortkomen utforskar, som hadde kome frå ein nærliggjande dal som er dekt av evig tåke. Utforskaren, som hadde vandra til han vart utmatta, døydde kort tid etter. Faren til den gamle mannen selde seinare nokre av «steinane» i ein lokal landsby og desse enda opp som dei firkanta egga i museet.

Duck-familien følgjer tråkket etter den avlidne utforskaren inn i tåka. Etter dagar med vandring finn dei ein busett dal i fjella, gøymt i tåka. Innbyggjarane der er heilt kubiske, med firkanta hovud og nasar. Dei snakkar nynorsk med vossedialekt som dei lærte av den førre besøkjande, den bortkomne utforskaren. Han var professor Tron Dreyerdal frå Voss og budde i dalen frå 1863 til 1868, som han namngav «Gufseplassen». I den norske omsetjinga syng den fyrste personen Donald og nevøane møter på Gufseplassen «På Vossevangen der vil eg bu, der veks det kløver yver heia». I den amerikanske versjonen syng han på sørstatshymna «Dixie»; «Oh, ah wish ah was in Dixie! Hooray! Hooray!»

Medan dei er i dalen blæs Ole, Dole og Doffen bobler av tyggegummi. Dette er ulovleg på Gufseplassen, sidan det er strengt forbode å laga runde objekt der. Den einaste måten dei kan unngå straff og forlata dalen på, er om Ole, Dole og Doffen lagar firkanta bobler. Dei greier det ved å læra dei firkanta kyllingane å blåsa tyggjegummibobler, og deretter gøyma dei under genserane og lata som dei lagar boblene sjølve.

Duck-familien overtyder den gjestmilde lokalbefolkninga til å la dei gå. Firkantfolket er lei for at dei må dra, sidan dei gav ny informasjon frå verda utanfor til den isolerte sivilisasjonen deira. Dei gjev Donald og nevøane kompasset professoren hadde etterlate på Gufseplassen, som låg oppbevart i eit museum. Når dei forlét dalen, nemner Donald at «folka på Gufseplassen hadde så lite i eige, men var likevel dei lukkelegaste menneska dei nokon gong hadde møtt.»

Donald og nevøane vandrar i dagevis for å sleppa unna tåka, med to firkanta kyllingar i bagasjen. Når dei endeleg kjem ut, er kyllingane framleis i live, men dei måtte eta egga. Fyrst når dei kjem til Andeby att, innser dei at ekspedisjonen var mislukka: Begge kyllingane er hanar og kan dimed ikkje leggja egg. Historia endar med at Donald vert rasande på dei som tør å nemna egg og kyllingar for han.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Don Rosa likte «Eggemysteriet» såpass mykje at han skreiv to relaterte historier – The Son of the Sun («Solens sønn») og oppfølgjaren Return to Plain Awful («Tilbake til Gufseplassen»).

Barks hadde høyrt vitsar om firkanta egg og kyllingar sidan barndommen sin og ville bruka dei som grunnlag for ei historie. Handlinga kombinerer tema og historieelement som Barks ofte brukte i historiene sine. Ein mytisk skapning eller eit legendarisk artefakt som fører til ein eventyrleg ekspedisjon, lang søking etter informasjon, som ofte verkar fåfengd, ein isolert sivilisasjon gøymt frå verda utanfor på grunn av naturtilhøva, Duck-familien som bringer nye idéar med seg men som kan oppfattast som trugslar og ei avslutning der karakterane endar opp med å tapa og kjem heim att tomhendte, er alle slike tema.

Historia har vore rekna som representativ for verka til Barks generelt og var ein suksess i seg sjølv, ofte vørda som mellom dei beste historiene av Barks. Referansar til denne historia dukkar ofte opp i verka til dei som byggjer vidare på arven etter Barks og tilhengjarar av verka hans. Forfattaren sjølv fortalde i eit intervju i 1962 at «Den beste historia mi, teknisk sett, er nok den med dei firkanta egga.»[2]

Eggemysteriet på norsk[endre | endre wikiteksten]

Teikneserien vart utgjeven i Noreg i bladet Donald Duck & Co nr. 13–17 1963, og vart mykje omtala på grunn av bruken av nynorsk i omsetjinga til Vivi Aagaard. Donald Duck & Co vert i Noreg utgjeve på bokmål, slik at innslaget av nynorsk vekte åtgaum. På eit vis gjekk Eggemysteriet og firkantfolket inn i den norske språkstriden.[3]

Nr. 16 (utgjeve 17. april 1963) var det fyrste bladet firkantfolket opptredde i, og då bladet vart lagt ut på Deichmanske bibliotek, kom det inn fleire protestar til biblioteket. Av nokre nynorskfolk vart det teke ille opp at nynorsk vart skildra som knapt skjønleg og knytt til eit merkverdig folk i avsides strok, og på denne måten gjort til lått.[1] Leiaren for barneavdelinga på biblioteket, fyrstebibliotekar Rikka Deinboll, la nr. 16 og 17 til sides, slik at saka kunne behandlast av Det rådgivende utvalg for tegneserier i Norge (DRUFT). 24. april vart avgjerda til DRUFT publisert i norske aviser. Utvalet kom samrøystes fram til at «episodene ikke kan sies å være diskriminerende for noen norsk språkgruppe». Samtidig la utvalet til at nynorsken i omsetjinga var full av feil, «med en blanding av gamle og nye former».[4]

Eggemysteriet har kome ut fleire gonger seinare i Noreg. Andre utgåve var i boka «Jeg Donald Duck» i 1974, og i denne versjonen snakka firkantfolket bokmål, som dei hadde lært av ein professor frå Andeby. I alle seinare utgåver er det brukt nynorsk att, og den einaste skilnaden er at språkfeilane frå originalutgåva er retta opp.[1]

I ettertid har Eggemysteriet vorte ein teikneserieklassikar, og historia har fleire gonger vorte kåra til den beste Donald-historia i Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Gran, Gunnar, «Donald såret nynorskfolket», Aftenbladet (på norsk bokmål), henta 1. desember 2019 
  2. I eit intervju av Malcolm Willits, Don Thompson et Maggie Thompson (1968), "The Duck Man", Comic Art #7 ; prenta på nytt i Donald Ault (2003), Carl Barks Conversations, University Press of Mississippi, ISBN 1-57806-501-1, side 12.
  3. «Historien som brakte Donald inn i den norske språkstriden». www.andebyonline.com. 18. mai 2003. Arkivert frå originalen 6. mars 2018. Henta 19. mars 2020. 
  4. «Om å være firkantet», Dagbladet.no (på norsk bokmål), 27. juni 1998, henta 1. desember 2019 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Gisle, Jon: Donaldismen : et muntert-vitenskapelig studie over Donald Duck og hans verden, Oslo 1973.
  • Schetne, Heidi: Fra sørstatsdialekt til vossamaol, Bergens Tidende 12. juli 2003.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]