Lou Barlow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Lou Barlow

Louis Knox Barlow (fødd 17. juli 1966) er ein amerikansk musikar som blir sett på som ein av dei mest innverknadsrike songskrivarane på 90-talet. Han var ein av pionerane i lo-fi-stilen som nett hadde vakse fram, der ein tok opp musikken på ein 4-spors opptakar.

Lou Barlow blei fødd i Dayton, Ohio, men voks opp i Jackson, Michigan og Westfield, Massachusetts. Han starta musikkarriera i hardcore punk-bandet Deep Wound med J Mascis. I 1983 starta dei to Dinosaur Jr., etter å ha gått lei av hardcore. Men forholdet mellom dei to førte til at Barlow forlet bandet etter utgjevinga av Bug i 1989.

Etter 1989 konsentrerte Barlow seg om sideprosjektet sitt, Sebadoh, og seinare starta han Folk Implosion med John Davies. Gjennom arbeidet med desse banda blei han ein helt i indie rock-miljøet, og fekk også ein topp 40-hit (i USA) - songen "Natural One," med Folk Implosion. Han spelte også inn eit album med den belgiske musikaren Rudy Trouvé.

Han har blitt med Dinosaur Jr. igjen i 2005, for en verdsturne, og for å fronte dei tre albuma han gav ut med bandet, som har blitt gjevne ut på nytt.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kompilasjonar[endre | endre wikiteksten]