Loudoun Hill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Loudoun Hill
ås
none  Loudoun Hill frå austsida
Loudoun Hill frå austsida
Land Flag of Scotland.svg Skottland
stad East Ayrshire
 - høgd 316 moh
 - skardhøgd ca, 66 m m

Loudoun Hill, ofte kalla Loudounhill er ein vulkanplugg i East Ayrshire i Skottland. Det ligg nær kjelda til River Irvine, aust for Darvel.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

På ein klår dag kan ein sjå bakketoppane av Arran og Ailsa Craig herfrå. Ved foten av Loundoun Hill ligg Loudoun Hill Inn, eit familiedrive vertshus omtrent 2 km frå Darvel. På sletta nedanfor Loudoun Hill finst byen Kilmarnock, heimstaden for Johnnie Walker whisky, og utover dalen ligg eigedomane Caprington, Treesbank, Coodham, og Knockmarloch. Blant dei mange bondegardane finst òg Mosshead der James Shaw vart født, som frå audmjuke kår enda opp som borgarmeister av London i England.

Darvel, som vart 250 år gammal i 2002, er kjent for produksjonen sin av kniplingar, og ikkje minst for å vere fødestaden til Nobel-prisvinnaren Alexander Fleming.

Loudoun Hills geofysiske alder er minst 3 millionar år gammal.

Romerske fort[endre | endre wikiteksten]

På sørsida av Loudoun Hill låg det eit romersk fort som opphavleg var 165 m langt og 100 m breitt. Den siste okkupasjonen var under regimet til keisar Antonius Pius, 150 e. Kr. Romerske myntar og fragment av vasar og bollar er funne av arkeologar, forutan våpen som slyngsteinar av hard leire. Det viktigaste funnet er kanskje ein romersk oljelampe i bronse, det einaste av slaget sitt i Skottland.

William Wallace[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Slaget ved Loudoun Hill i 1296.

I det søraustlege hjørnet av det romerske fortet vart ein engelsk konvoi leia av Fenwick overfalle av den store fridomshelten i Skottland, William Wallace, på slutten av 1200-talet. Bakhaldet låg på innsida av den romerske ruinen. Det blir sagt at Wallace hadde ein hemn å gjere opp sidan Fenwick hadde myrda faren hans, Malcolm Wallace. Fenwick enda livet ved Wallace sitt lange sverd som i mange år seinare vart lagra på Loudoun Castle. Wallace var sjølv fødd i Kilmarnock.

Robert Bruce[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Slaget ved Loudoun Hill i 1307.

I det same området som William Wallace hadde bakhaldsåtaket sitt kjempa Robert Bruce, den seinare Robert I av Skottland, slaga ved Loudoun Hill i 1307. Med 600 soldatar nedkjempa Bruce jarlen av Pembroke og ein engelsk arme på 6000 menn. På toppen av Loudoun Hill er det ei plate av marmor som minnest hendingane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Loudoun Hill

Koordinatar: 55°36′53″N 4°12′42″W