Lough Derg

Koordinatar: 52°59′N 8°19′W / 52.983°N 8.317°W / 52.983; -8.317
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For innsjøen i County Donegal, sjå Lough Derg i Donegal.
Lough Derg
innsjø
Utsyn mot County Clare frå County Tipperary over den sørlege delen av innsjøen.
Land  Irland
Innsjøtype Lough
Tilsig Shannon
Utløp Shannon
Opphaldstid 1,8 månader
Høgd over havet 33,5 moh.
Areal 118 km²
Middeldjupn 7,6 m
Største djupn 36 m
Volum 0,887 km³
Kystlengd1 179 km
Koordinatar 52°59′N 8°19′W / 52.983°N 8.317°W / 52.983; -8.317
Byar Garrykennedy, Portumna, Killaloe og Ballina, Dromineer, Terryglass
Kart
Lough Derg
52°59′00″N 8°19′00″W / 52.983333333333°N 8.3166666666667°W / 52.983333333333; -8.3166666666667
Plasseringa på Irland
Plasseringa på Irland
Plasseringa på Irland
Wikimedia Commons: Lough Derg (Munster)
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Lough Derg (Loch Deirgeirtirsk) er den nest største innsjøen i Republikken Irland (etter Lough Corrib), og den tredje største på heile Irland (etter Lough Neagh). Han er ein lang og relativt smal innsjø med bredder i grevskapa North Tipperary (i aust), Galway (nordvest) og Clare (sørvest). Innsjøen er den siste av tre innsjøar som elva Shannon renn gjennom. Dei to andre, Lough Ree og Lough Allen, ligg lenger nord. Nokre av landsbyar langs Lough Derg er mellom anna Garrykennedy, Portumna, Killaloe og Ballina, Dromineer, Terryglass og Mountshannon.

På det djupaste er innsjøen 36 meter[1] og dekkjer eit areal på 118 km². Innsjøen er ein populær stad for båtturar, segling og fiske. Der Shannon renn vidare frå Lough Derg renn ho bratt nedover ein ås, og her vart vasskraftverket Ardnacrusha bygd i 1927, som på den tida var det tiande største i verda.

På 1800-talet var Lough Derg ei viktig transportåre frå hamna ved Limerick til Dublin gjennom kanalar sentralt i Irland. Universitet i Limerick har eit aktivitetssenter ved innsjøen, like utanfor Killaloe.

Landsbyar og mindre byar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. International Lake Environment Committee Foundation, arkivert frå originalen 30. september 2007, henta 18. oktober 2007