Lough Gur
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Lough Gur | |
|---|---|
|
|
|
| Stad | County Limerick |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Type innsjø | Lough |
| Tilknytte land | |
Lough Gur er ein innsjø (på engelsk lough) i County Limerick i Republikken Irland, nær byen Bruff. Innsjøen er forma som ein hestesko. Området rundt innsjøen er eit av dei viktigaste arkeologiske områda på Irland og det har vore menneske her sidan om lag år 3000 f.Kr. [1]
Den største steinsirkelen på Irland, ved Grange, ligg nær innsjøen. Her ligg òg restane av minst tre crannogar og ein har òg gravd fram ruinar av steinhus. Fleire ringfort er funne i området. Nokre av desse er irske nasjonalmonument.[1]
Det ligg ei borg, eller tårnhus, på halvøya i innsjøen, kalla Bourchier's Castle etter Sir George Bourchier, son til den andre jarlen av Bath,[1].
Innhaldsliste |
Sjå òg [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
Fotnotar [endre]
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Lough Gur frå Engelsk Wikipedia .