Louis François de Boufflers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Louis François de Boufflers

Fødd10. januar 1644
FødestadCrillon
Død22. august 1711
DødsstadFontainebleau
Rangmarskalk av Frankrike
EiningDen franske hær
KonfliktarDen fransk-nederlandske krigen
Adelstittelhertug

Louis François, Duc de Boufflers, Comte de Cagny (10. januar 164422. august 1711) var ein fransk marskalk.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Han gjekk inn i militærteneste i 1663 i omleiringa av Marsal, og vart oberst for ein dragonskvadron i 1669. I erobringa av Lorraine (1670) tente han under marskalk de Créqui. I Holland tente han under Henri de la Tour d'Auvergne, Vicomte de Turenne, og utmerkte seg over med dugleik og mot, go då Turenne vart drepen av ei kanonkule i 1675, kommanderte han baktroppen under tilbaketrekkinga til den franske armeen. Han var alt ein brigadegeneral og i 1677 vart han maréchal de camp.

Han tente gjennom fleire felttog på denne tida og vart stadig forfremma og i 1681 vart han generalløytnant. Han kommanderte den franske armeen ved Moselle, som opna niårkrsigen med ei rekkje sigrar. Den 15. oktober 1688 tok han den viktige festninga Mainz, Aureum caput regni, med 20 000 soldatar, før han leia eit korps til Sambre, og forsterka François Henri de Montmorency, Duc de Luxembourg kvelden før slaget ved Fleurus (1690).

I 1691 var han generalløyntant direkte under kongen sjølv, og under omleiringa av Mons vart han skadd i eit åtak på byen. Han var til stades med kongen under omleiringa av Namur i 1692, og tok del i sigeren ved Steinkirk. for tenestene sine vart han i 1692 forfremma til fransk marskalk og i 1694 vart han hertug.

I 1694 vart han utpeikt til guvernør i Franske Flandern og i byen Lille. Han vart sjølv omleira i Namur i 1695, og overgav seg først etter å ha tapt 8 000 av 13 000 mann. Han deltok i konferansen som enda krigen med freden i Ryswick.

Under den neste krigen, den spanske arvefølgjekrigen, då Lille var truga med omleiring av John Churchill, 1. hertug av Marlborough og prins Eugène av Savoie, vart Boufflers utpeikt som kommandant, og klarte å stå imot i tre månader.

Han vart æra og løna av kongen for forsvaret sitt av Lille, der han gjekk av som sigerherre. Sjølv fienden sette så stor pris på forsvaret hans at han fekk lov å diktere sine eigne vilkår i kapituleringa. I 1708 vart han fransk adeleg. I 1709 var truga av invasjon, tilbaud Boufflers seg å tene under hans underordna Claude-Louis-Hector de Villars, og var med han i slaget ved Malplaquet. Her synte han stor dugleik, og etter Villars vart skadd leia han tilbaketrekkinga til den franske armeen utan å tape verken kanonar eller fangar. Han døydde i Fontainebleau den 22. august 1711.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Louis François de Boufflers