Louis François de Bourbon-Conti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Louis François de Bourbon-Conti, portrett av Alexis Simon Belle.

Louis François I de Bourbon (13. august 17172. august 1776) var fyrste av Conti frå 1727 til han døydde, og arva trona etter faren Louis Armand II. Mor hans var Louise-Élisabeth de Bourbon-Condé, barnebarnet til Ludvig XIV. Som medlem av det regjerande huset Bourbon var han Prince du Sang.

I 1731 gifta han seg med syskenbarnet Louise Diane d'Orléans, den yngste dottera til Philippe II, Duc d'Orléans, Régent av Frankrike medan kong Ludvig XV var for ung. Ho døydde i barselseng i 1736.

Louis François gjekk inn i militæret og då den austerrikske arvefølgjekrigen braut ut i 1741 slo han seg saman med Duc de Belle-Isle til Böhmen. Tenestene hans der førte til at han fekk kommandere hæren i Italia, der han utmerkte seg med å forsere passet i Villafranca og vinne slaget ved Coni i 1744.

I 1745 vart han sendt for å stanse austerrikarane i Tyskland. I 1746 vart han overført til Nederland der stridar med Maréchal de Saxe førte til at han gav opp militærkarrieren i 1747.

Kandidat for den polske trona[endre | endre wikiteksten]

Same året tilbaud ein fraksjon frå den polske adelen Conti trona av Polen, sidan det var venta at kong August III snart ville døy. Conti fekk personleg støtte hos Ludvig XV av Frankrike for dette kandidaturet. Ministrane til kongen sette i staden inn huset Sachsen på trona i Polen, sidan Ludvig XV si svigerdotter, Marie-Josèphe av Sachsen, var dotter av sjuke August. Som følgje av denne konflikten starta Ludvig XV hemmeleg kommunikasjon med ambassadørane sine ved enkelte utanlandske hoff som var direkte motstridande til dei offisielle meldingane som vart sendt til dei same ambassadørane av ministrane hans. Systemet med kurerar som kongen nytta til å leve desse hemmelege meldingane utvikla seg seinare til eit spionnettverk kjend som Secret du Roi.

Sjølv om Conti ikkje fekk den polske trona hadde han eit godt forhold til kongen fram til 1755, då innverknaden hans vart øydelagd av intrigane til kongen si elskarinne, Madame de Pompadour. Forholdet til Ludvig XV vart så pass dårleg at då sjuårskrigen braut ut i 1756 fekk ikkje Conti kommandere hæren ved Rhinen. Conti starta då å arbeide mot det kongelege styret.

I 1771 tok Conti leiinga i striden mot kanslar Maupeou. Han støtta parlamenta mot regjeringa og var særleg fiendtleg mot Turgot. Sidan han hadde desse handlingane vart han mistenkt for å stå bak eit opprør som fann stad i Dijon i 1775.

Han vart etterfølgd av sonen, Louis François Joseph (1734-1814), som var den siste personen som bar Conti-tittelen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]