Louis Gabriel Ambroise de Bonald

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Louis de Bonald

Louis Gabriel Ambroise, Vicomte de Bonald (fødd 2. oktober 1754 i Millau, død 23. november 1840 i Millau) var ein fransk filosof og politisk teoretikar. Bonald var kanskje den viktigaste representanten for den kyrkjelege og politiske reaksjonen i Frankrike i tiåra etter den franske revolusjonen: han var ultramonatismens fremste teoretikar og var som politikar motstandar av alle sosiale og konstitusjonelle reformer.

Han flykta frå revolusjonen i 1791 og slo seg snart ned i Heidelberg, kvar han forfatta Theorie du pouvoir politique et religieux (1796), eit velskrive forsvar for ein ytterleggåande teokratisk absolutisme. Han kom attende til Frankrike under Napoléon sitt styre, gav ei tid ut det rojalistiske tidsskriftet Mercure de France saman med Chateaubriand. Under Bourbon-styret blei han tiltrudd fleire framståande embete, men trekte seg etter juli-revolusjonen i 1830 attende til godset sitt, der han levde fredeleg fram til han døydde i 1840.

Bonald sine skrifter er i første rekkje politiske og filosofiske, og læra hans er fundamentert i eit stort prinsipp, som er språkets heilage opphav. Det første språket inneheld kjernen i all sanning. Frå dette deduserer han seg fram til Guds eksistens, det heilage opphavet og autoriteten til Bibelen og doktrinen om den ufeilbarlege kyrkja. Alt i naturen og samfunnet er eit resultat av treeininga mellom årsak, midlar og verknad. I naturen ser han Gud som den første årsaka, rørsle som middelet og lekamen som resultatet. I samfunnet er det makta som er årsaka, ministrane som er middelet og undersåttane som verknaden. Denne treeininga er innbyrdes avhengig av kvarandre, og på dette grunnlaget konstruerte han den absolutistiske filosofien sin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]