Louis Joseph de Vendôme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Louis Joseph

Louis Joseph on campaign, 1706.
Hertug av Vendôme
Regjeringstid12. august 1669–11. juni 1712
Fødd1. juli 1654
FødestadParis
Død11. juni 1712 (57 år)
DødsstadVinaròs
GravstadEl Escorial i Spania
FøregangarLouis
EtterfølgjarPhilippe
Gift medMarie Anne de Bourbon, Duchess of Vendôme
DynastiHuset Bourbon
FarLouis de Bourbon
MorLaura Mancini

Louis Joseph de Bourbon, hertug av Vendôme, (1. juli 165411. juni 1712) var ein fransk kommandant under niårskrigen og den spanske arvefølgjekrigen som marskalk av Frankrike.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Han var son av Louis de Bourbon og barnebarn av Henrik IV av Frankrike og elskarinna hans Gabrielle d'Estrées. Han var fødd i Paris. Mora hans var Laura Mancini, den eldre systera til Olympia Mancini, mor til Eugene av Savoie, hans framtidige motstandar.

Han vart foreldrelaus femten år gammal og arva ein enorm formue frå faren som hadde kome frå oldemora hans, duchesse de Mercœur et Penthièvre. Før han overtok etter faren i 1669, var han kjend som duc de Penthièvre. Han voks opp hos tanta, Marie Anne Mancini, duchesse de Bouillon.

Han gjekk inn i hæren 18 år gammal og utmerkte seg raskt smed styrke og mot i dei nederlandske krigane, og i 1688 hadde han vorte generalløytnant. I niårskrigen utmerkte han seg under duc de Luxembourg i slaget ved Steinkeerke og under Nicolas Catinat i Marsaglia. I 1695 vart han sett til å kommandere armeen i Catalonia der han tok Barcelona i 1697.

Kort tid etter vart han maréchal. I 1702 etter det første mislukka felttoget i Catinat for Villeroi, vart han sett til å kommandere den fransk-spanske armeen i Italia. I løpet av tre felttog i Italia viste han seg som ein verdig motstandard mot Prince Eugène av Savoie, som han til slutt slo i 1705 i Cassano i eit storarta oppvisning imot og kommando over soldatane sine, og vende om det foreståande nederlaget til den treige broren hans, Philippe, til ein flott suksess.

Åre etter å ha halde stillinga som før, og vunne ein ny siger i Calcinato, vart han send til Flandern for å ordne opp etter slaget ved Ramillies. Etter at Vendôme forsvann til Flanderen, påførte prins Eugène og hertugen av Savoie franskmennene store tap under duc d'Orléans og Ferdinand de Marsin i slaget ved Torino, og dei dreiv franskmennene ut av Italia mot slutten av krigen. I Flandern krangla Vendôme med den initiativlause barnebarnet til kongen, duc de Bourgogne, og klarte ikkje å hindre fransk nederlag i slaget ved Oudenarde.

I avsky trekte Vendôme seg tilbake til eigedomen sin. Det vart derimot ikkje lenge før han vart kalla attende for å ta kommandoen over armeen til syskenbarnet, Filip, i Spania. Der vann han sine siste sigrar, og krona verket sitt triumferande i slaga ved Brihuega og Villaviciosa. Før slutten av krigen døydde han brått i Vinaròs den 11. juni 1712 og vart gravlagd i El Escorial i Spania.

Vendôme var ein av dei mest merkverdige soldatane i historia til det franske militæret. Han hadde både dugleiken til ein sann militær leiar og motet til ein soldat. Løyndomen hans var derimot at han hadde uvanleg stor påverknad på mennene sine.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Louis Joseph de Vendôme