Louis Spohr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Louis Spohr
Spohr.jpg
Eit sjølvportrett av Louis Spohr som ung
Fødd 5. april 1784, Braunschweig i Tyskland
Død 22. oktober 1859 (75 år), Kassel i Tyskland
Periode Wienerklassisismen, romantikken
Sjanger Kammermusikk, concerto, vokalmusikk
Aktive år 1797-1858
Yrke Komponist

Louis Spohr (òg Ludwig, døypenamn Ludewig) (5. april 178422. oktober 1859) var ein tysk komponist, fiolinist, dirigent, pedagog og organisator av musikkfestivalar.

Ved sida av Niccolò Paganini vart han rekna som den største fiolinisten i si tid, og hans orkester- og kammerverk vart ein gong sidestilt med Mozart sine. Han fekk ei stor tyding for utviklinga av tysk dramatisk musikk; dei største suksessane hadde han med sine oratorium.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Spohr voks opp i ein musikalsk heim og fekk tidleg opplæring i musikkteori og fiolinspel. 12 år gammal vart han sendt til Braunschweig for å fortsetje utdanninga der. I 1799 vart han tilsett som kammermusikar hos hertugen av Braunschweig som lova å betale den vidare utdanninga til Spohr hos ein stor meister. Valet fall på fiolinisten Franz Eck (av Mannheimskulen). Eck stod då på farten til ei turnéreise i Russland, og Spohr vart med som følgjesvein. Først i juli 1803 returnerte Spohr til Braunschweig. Her møtte han fiolinvirtuosen Pierre Rode, viss fiolinspel fekk ein varig innverknad på han. I kjølvatnet av fleire konsertturnear breidde ryet til Spohr som fiolinvirtuos seg no hurtig, og allereie i 1805 fekk han posten som konsertmeister i Gotha. Året etter gifta han seg med harpe- og klavervirtuosen Dorette Scheidler. I 1813 vart han kapellmeister ved teatret i Wien, men pga ein konflikt med teaterdirektøren slutta han etter to år og tok opp att turnévekrsemda, som denne gongen gjekk til Sveits, Italia og Nederland. Vinteren 1817 vart han kapellmeister i Frankfurt am Main og overtok leiinga av Orchesters der Frankfurter Museumsgesellschaft. Her oppførde han operaen sin Faust i 1818 og Zemire und Azo i 1819, begge fekk entusiastisk mottaking. Likevel forlét Spohr Frankfurt i september og la ut på ein ny turné, denne gongen til Belgia, Paris og i 1820 til London.

Etter fire månader i London slo han seg ned i Dresden, men vart allereie følgjande år utnemnt til hoffkapellmeister i Kassel, og besette stillinga i januar 1822. Som dirigent bidrog Spohr til utviklinga av moderne orkesterkultur. Han er ein av dei første orkesterleiarane som nytta taktstokk. Frå og med no var det slutt på store turnéreiser, i staden konsentrerte han seg om musikklivet i Kassel. Han bidrog sterkt til å løfte orkestret sitt til eit nytt nivå og grunnla ein songsamskipnad for oratoriemusikk i byen.

Han var ikkje mindre viktig som lærer og komponist. I 1831 starta han ein fiolinskole som trekte til seg studentar frå heile Europa og har hatt ei grunnleggjande tyding for fiolinistutdanninga heilt til dagane våre. På same tid komponerte han ei mengd verk i alle musikksjangrar og dirigerte ved mange festivalar i Tyskland og England.

I 1857 vart han mot viljen sin pensjonert, men enno heilt fram til han døydde 22. oktober 1859 naut han høg respekt både som menneske og kunstnar.

Spohr etterlét seg meir enn 200 musikkverk, blant anna 18 fiolinkonsertar, 4 klarinettkonsertar, 10 operaer, 9 fullenda og ein uferdig symfoni, 4 oratorium, 34 strykekvartettar og konsertar for fleire andre soloinstrument.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Brown, Clive. Louis Spohr: A Critical Biography. Cambridge University Press. 1984. ISBN 0-521-23990-7.
  • Spohr, Ludwig, Violinschule, Tobias Haslinger, Vienna, 1832.
  • Malibran, Alexander: Louis Spohr. Sein Leben und Wirken. Frankfurt/Main 1860.
  • Mal:Meyers Online
  • Louis Spohr: Briefwechsel mit seiner Frau Dorette. Hg. v. Folker Göthel. Kassel 1957.
  • Louis Spohr: Selbstbiographie. Erstmals ungek. n. d. autographen Aufzeichnungen hg. v. Folker Göthel. Tutzing 1968.
  • Dorothy Moulton-Mayer: The forgotten Master. The life & times of Louis Spohr. London 1959.
  • Herfried Homburg: Louis Spohr. Bilder und Dokumente seiner Zeit. Kassel 1968.
  • Stadtsparkasse Kassel (red.): Louis Spohr. Avantgardist des Musiklebens seiner Zeit. Kassel 1979.
  • Folker Göthel: Thematisch-bibliographisches Verzeichnis der Werke von Louis Spohr. Tutzing 1981.
  • Paul Katow: Louis Spohr, Persönlichkeit und Werk. Luxembourg 1983.
  • Hartmut Becker / Rainer Krempien: Louis Spohr, Festschrift und Ausstellungskatalog zum 200.Geburtstag. Kassel 1984.
  • Clive Brown: Louis Spohr. A critical biography. Cambridge 1984. Deutsche überarbeitete Ausgabe Kassel 2009. ISBN 978-3-87537-320-2.
  • Gerald Kilian: Studien zu Louis Spohr. Karlsruhe 1985.
  • Helmut Peters: Der Komponist, Geiger, Dirigent und Pädagoge Louis Spohr (1784-1859). Braunschweig 1987.
  • Peter Rummenhöller: Louis Spohr - Ruhm und Vergessenheit eines Komponisten zwischen Romantik und Biedermeier. I: ders.: Romantik der Musik. Analysen, Portraits, Reflexionen. München / Kassel 1989. S. 140-148.
  • Leonie Biehler: Das Phantom am Opernplatz. Auf den Spuren von Louis Spohr. I: Kasseler Musikgeschichte. Red. v. Andreas Wicke. Gudensberg 2004. s. 51-56.
  • Simon Moser: Das Liedschaffen Louis Spohrs. Studien - Kataloge - Analysen - Wertungen. Ein Beitrag zur Entwicklungsgeschichte des Kunstliedes. 2 Bind. Kassel 2005.
  • Wolfram Boder: Louis Spohr und die Musikpädagogik. Kassel 2006.
  • Wolfram Boder: Die Kasseler Opern Louis Spohrs. Musikdramaturgie im sozialen Kontext. 2 bind (Tekst- og notebind) Kassel 2007.
  • Susan Owen-Leinert, Michael Leinert: Erste kritische Gesamtausgabe der ein-und zweistimmigen Klavierlieder. 12 bind med tospråkleg forord. Köln 2009/10.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Louis Spohr