Ludvig XIV av Frankrike
Ludvig XIV (fransk Louis XIV), kalla «Solkongen», (5. september 1638–1. september 1715) var konge av Frankrike frå 14. mai 1643 til 1. september 1715.
Ludvig vart fødd i den franske byen Saint-Germain-en-Laye. Han var eldste son av kong Ludvig XIII og prinsesse Anna av Austerrike. I 1643 vart Ludvig XIV konge berre fem år gamal. Ein minister styrde landet til han sjølv var gamal nok. Ludvig er mest kjent for slottet i Versailles, som han lét byggja ut i stor stil. Slottet er eit døme på barokk stil, den leiande stilarten i Europa på denne tida. Ludvig gifta seg med Maria Theresia av Spania den 9. juni 1660, saman fekk dei 6 barn. Berre eitt av desse vart vaksen, tronarvingen Ludvig, Le Grand Dauphin. I tillegg til Maria Theresia hadde kongen fleire elskarinner, av desse er Madame de Montespan den mest kjende. Etterfylgjaren, Ludvig XV av Frankrike, var oldebarn av Ludvig XIV.
| Føregjengar Ludvig XIII |
Konge av Frankrike 1643–1715 |
Etterfylgjar Ludvig XV |