Louise Catherine Breslau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Louise Catherine Breslau

Statsborgarskap Sveits, Tyskland
Fødd 6. desember 1856
München
Død

12. mai 1927 (70 år)
16. arrondissement

Yrke kunstmålar
Sjanger portrett, stilleben, impresjonisme
Signatur
Louise Catherine Breslau på Commons

Marie Louise Catherine Breslau (6. desember 185612. mai 1927) var ein tysk-sveitsisk litograf, teiknar og pastellmålar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Heime eller intimitet, 1885 (eit måleri av Breslau med henne sjølv og mora)
Sjølvportrett, 1885

Breslau var fødd i München, som dotter til ein lege og ei adelskvinne. I 1858 flytta foreldra til Zürich då faren fekk stilling som overlege i obstetrikk og gynekologi ved Universitetet i Zürich. Etter faren døydde i desember 1866, smitta av ein infeksjon han arbeidde med, vart dottera utdanna i eit kloster nær Bodensjøen.

Sine første teiknetimar fekk Breslau av målaren Eduard Pfyffer, som rådde henne til å halde fram studiane i Paris. Saman med mora reiste ho i 1876 til Frankrike for å gå i lære hos Tony Robert-Fleury ved det prestisjetunge Academie Julian i Paris. På akademiet fekk ho merksemd for sitt store talent for teikning. Nokre medstudentar skal ha vore avundsjuke, særleg den russiske målaren Marija Basjkirtseva. Breslau stilte ut på salongen i Paris første gongen i 1879, og deltok så der regelmessig fram til 1891. Både i 1889 og 1900 fekk ho gullmedalje for måleri ho stilte ut på verdsutstillingane.

Fram mot slutten av hundreåret var Paris det kunstnariske referansepunkt for Breslau. Der utveksla ho synspunkt og vennskap med Edgar Degas, Henri Fantin-Latour, Jules Bastien-Lepage og Jean-Louis Forain. På ein studietur til Bretagne vart ho kjend med den svenske målaren Ernst Josephson, seinare hadde ho eit nært forhold til bilethoggaren Emile-Antoine Bourdelle. Frå 1890-åra byrja Breslau vende seg meir mot Sveits, fram til 1929 deltok ho ofte på den nasjonale kunstutstillinga.

I 1900 flytta Breslau og den mangeårige kollegaen, handverkaren Madeleine Zillhardt, til eit atelier i Neuilly-sur-Seine. Zillhardt var både hennar muse, modell og fortrulege støttespelar. Etter utbrotet av første verdskrigen mista dei to den tette kontakten til Paris og dermed publisiteten omkring kunsten sin. Einast i 1921 med eit portrett av filosofen Anatole France fekk ho atter større, offentleg interesse.

Louise Catherine Breslau døydde i mai 1927 i Neuilly-sur-Seine, etter lengre tids sjukdom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Louise Catherine Breslau