Louise Michel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Louise Michel

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 29. mai 1830
Vroncourt-la-Côte
Død

9. januar 1905 (74 år)
Marseille

Yrke lærar, lyrikar, pedagog, skribent, journalist, kommunard, anarkist, politikar, skribent
Språk fransk, kanak
Medlem av frimureri
Religion ateisme
Partnar Charlotte Vauvelle
Louise Michel på Commons

Louise Michel (18301905) var ein fransk anarkist, lærarinne og aktiv som ambulansekvinne under Pariskommunen 1871.

Louise Michel i uniform.

Da ho vart arrestert etter kommunen fall, vart ho deportert til kolonien Ny-Caledonia, der ho var frå 1873-1880. Medan ho var der, dreiv ho agitasjon blant urfolket mot kolonimakta.

Tilbake i Paris heldt ho fram si politiske gjerning. Ved eit høve leidde ho ein demonstrasjon mot fattigdomen og til Pariskommunen sitt minne. Dei trong ei fane av noko slag, og Louise tok da av seg den svarte silkeunderkjolen sin og festa han på eit kosteskaft. På det viset skal anarkismen ha fått den svarte fana si.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Louise Michel
  • Albert Jensen: Louise Michel (Den Röda Jungfrun). A H Förlag, Sthlm 1915.
Spire Denne historieartikkelen som har med Frankrike å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.