Louisiana State University

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Paul M Herbert Law Center.

Louisiana State University er eit statseigd universitet grunnlagt 1860 som landbruksvitskapleg og mekanisk høgskule i Baton Rouge (LSUAMC) i Louisiana, ved Mississippielva. Universitetet har òg ytterlegare to campusar i New Orleans (LSUHSC) og Shreveport (LSUS), begge i Louisiana. Under Orkanen Katrina vart delar av studia i New Orleans mellombels flytta til campus i Baton Rouge, men desse vart tilbakeført i 2007.

I tillegg er University of New Orleans eit sjølvstendig universitet tilknytta LSU (Louisiana State University System). Det er òg college for lågare grads studiar i Alexandria og Eunice.

Grunnleggingssår, studenttal, mengd vitskapleg tilsette og årlege skolepengar for studentar frå Louisiana ved dei tre lærestadene under LSU er (2006):

  • LSU & Agricultural & Mechanical College, Baton Rouge (1860) – 29 925 studentar (1 422 vit.tilsette), USD 4 449
  • LSU Health Sciente Center, New Orlean sin (1931) – 2 240 studentar (1 380 vit.tilsette), ukjent
  • LSU in Shreveport, Shreveport (1965) – 4 023 studentar (227 vit.tilsette), USD 3 595
    • LSU at Alexandria, Alexandria (1959) – 3 100 studentar
    • LSU at Eunice (1964) – Community College

Undervisinga blir gjeve opp til doktorgradsnivå i Baton Rouge og New Orleans, medan campusen i Shrevetport berre har bachelor- og masterprogram. Collega i Alexandria og Eunice er berre toårige, sistnemnde eit community college.

Biblioteka i Baton Rouge har nestan tre millionar titlar.[1]

LSUHSC i New Orleans har òg to undervisningssjukehus knytt til seg.

Skular og college[endre | endre wikiteksten]

Det blir gjeve undervising i eit breitt knippe av fagretningar. Collega og skulane ved LSU er:
Baton Rouge

  • College of Agriculture, Baton Rouge
  • College of Art & Design Baton Rouge
  • College of Arts & Sciences, Baton Rouge
  • College of Basic Sciences, Choppin Hall
  • E. J. Ourso College of Business, Baton Rouge
  • School of the Coast and Environment, Baton Rouge
  • LSU Continuing Education, Baton Rouge
  • College of Education, Baton Rouge
  • College of Engineering, Baton Rouge
  • LSU Graduate School, Baton Rouge
  • Paul M. Herbert Law Center, Baton Rouge
  • LSU Honors College, Baton Rouge
  • CSchool of Library & Information Science, Baton Rouge
  • Manship School of Mass Communication, Baton Rouge
  • College of Music & Dramatic Arts, Baton Rouge
  • School of Social Work, Baton Rouge
  • LSU University College, Baton Rouge
  • School of Veterinary Medicine, Baton Rouge

New Orleans

  • LSU School of Medicine New Orleans
  • School of Allied Health Professions
  • School of Dentistry, New Orleans
  • School of Graduate Studies, New Orleans
  • School of Medicine, New Orleans
  • School of Nursing, New Orleans
  • School of Public Health, New Orleans

Shreveport

  • LSU School of Medicine Shreveport
  • College of Business, Shreveport
  • College of Liberal Arts, Shreveport
  • College of Sciences, Shreveport
  • College of Education and Human Development, Shreveport

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]