Lovćen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lovćen
Lovćen nasjonalpark
Lovćen nasjonalpark
Høgd over havet 1 749 moh
Ligg i/på Montenegro
Fjellkjede Dei dinariske Alpane
Koordinatar 42°51′N 19°43′EKoordinatar: 42°51′N 19°43′E
Njegoš-mausoleumet
Lovćen nasjonalpark

Lovćen (serbisk Ловћен) er eit fjell og ein nasjonalpark sørvest i Montenegro.

Lovćen stig opp frå kysten av Adriahavet og Kotorbukta og ligg innanfor byen Kotor. Fjellet har to imponerande toppar, Štirovnik (1 749 m) og Jezerski vrh (1 657 m).

Fjellsidenen er steinete med mange sprekkar, groper og djupe søkk som gjev landskapet ein spesiell utsjånad. På grensa mellom havet i vest og kontinentet i aust er fjellet påverka av begge klima og dette har ført til utvikling av forskjellige biologiske system. Det er 1158 planteartar på Lovćen, der fire er endemiske.

Nasjonalpark[endre | endre wikiteksten]

Nasjonalparken utgjer dei sentrale og høgaste områda av Lovćen-massivet og dekkjer eit areal på 62,20 km². Området har vore ein nasjonalpark sidan 1952. Bortsett frå den vakre naturen vernar nasjonalparken om ein rik historisk, kulturell og arkitektonisk arv i området.

Lovćen har mange døme på element frå nasjonal byggjeskikk. Dei gamle husa og guvna er autentiske og det same er dei små hyttene, eller katuns, på setra i fjella.

Det går ein smal, svingete veg opp fjellet frå Kotor til landsbyen Njeguši, der fødehuset til den montenegrinske kongefamilien Petrović ligg.

Mausoleumet[endre | endre wikiteksten]

Det største og viktigaste monumentet i Lovćen nasjonalpark er Njegoš sitt mausoleum. Gravstaden og mausoleumet hans ligg på toppen av Jezerski vrh etter hans eige ynskje.

Njegoš ønskte å verte gravlagd i eit lite kapell som han hadde fått bygd under regjeringstida si. Dette vart gjort, men det opphavlege kapellet vart øydelagd då Austerrike-Ungarn sin hær invaderte Montenegro. Njegoš sine leivningar vart flytta til Cetinje kloster og gravlagd i kapellet som vart bygd opp att av kong Aleksander i 1920-åra. I motsetnad til Njegoš sitt eige ønske om å gravleggjast i dette kapellet, øydela så kommunistane i Montenegro kapellet og bygde i staden eit monumentalt mausoleum teikna av Ivan Meštrović.

Protestane dukka opp i 1970 då mange kjende jugoslaviske offentlege personar, både frå Montenegro og andre stader, klaga på det dei skildra som eit kraftig brot på Njegoš sitt siste ønske.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lovćen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]