Love Minus Zero/No Limit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Love Minus Zero/No Limit»
song av Bob Dylan
frå albumet Bringing It All Back Home
Språk engelsk
Utgjeve 22. mars 1965
Innspelt Columbia Recording Studios i New York City den 14. januar 1965
Sjanger Folkrock
Lengd 2:51
Selskap Columbia
Komponist Bob Dylan
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Tom Wilson

«Love Minus Zero/No Limit» (vert lese «Love Minus Zero over No Limit») er ein song av Bob Dylan på albumet Bringing It All Back Home frå 1965. Songen har ein enkel melodi i E, og legg vekt på Dylan sine stadig meir kompliserte metaforar og rytmeskjema i midten av 1960-åra. Songen viser til ein slags vilkårslaus kjærleik som ikkje dømer og som ikkje vert distrahert av materielle ting.

Stil og instrument[endre | endre wikiteksten]

My love she speaks like silence,
Without ideals or violence,
She doesn't have to say she's faithful,
Yet she's true, like ice, like fire.

Bob Dylan

Utgåva på Bringing It All Back Home vart spelt inn 14. januar 1965 og var produsert av Tom Wilson.[1][2] Denne utgåva vart spelt inn av heile bandet som Dylan nytta på albumet med elektrisk gitar av Bruce Langhorne.[1][2][3] Songen er melodisk med ei rekkje på tre fallande akkordar som dannar den mest iøyrefallande delen av songen.[4] Musikken er roleg, slik at kjærleiken som vert uttrykt verkar roleg, sjølv om bilete som kapper og dolkar og ristande bruer vert ført fram i teksten.[5] Songen har òg ei latinsk kjensle i melodien og rytmen.[4]

Tolking[endre | endre wikiteksten]

«Love Minus Zero/No Limit» vart skriven som ei hyllest til den framtidige kona til Dylan, Sara Lowndes.[1][6][7] Teksten omtalar ho på ein Zen-liknande måte, ei rekkje motsetnader, som til dømes «speaks like silence» («talar som stillheita») og er både «like ice» («som is») og og «like fire» («som eld»).[1][7] Ei anna kjend linje frå songen er òg i same bane: «She knows there's no success like failure and that failure's no success at all» («Ho veit at det ikkje finst noko suksess som fiasko og at fiasko ikkje er suksess i det heile») [1]

Andre framføringar[endre | endre wikiteksten]

Dylan har spelt støtt og stadig sidan han vart skriven. Han finst på mange samlealbum som Masterpieces og konsertalbumet Bob Dylan at Budokan.[4] Andre konsertopptak finst på The Bootleg Series Vol. 5: Bob Dylan Live 1975, The Rolling Thunder Revue, MTV Unplugged og The Concert for Bangladesh.[4]

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Songen har vorte spelt av mange andre artistar, mellom andre The Turtles, The Walker Brothers, The Leaves, Judy Collins, Eric Clapton, Fleetwood Mac, Rick Nelson og Les Fradkin.[8]

Norske versjonar[endre | endre wikiteksten]

Terje Mosnes skreiv ein norsk tekst for songen kalla «Natt for lange kniver» som vart framført av Inger Lise Rypdal i 1969. Ein annan norsk tekst vart skriven av Stein Erik Lunde og selt inn av Kåre Virud i 1975 med tittelen «Kjærlighet minus null».

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I ei lesarundersøking i magasinet Mojo i 2005 vart «Love Minus Zero/No Limit» kåra til den 20. beste Bob Dylan-songen, og på ei liknande liste forma av andre musikarar hamna songen på 32. plass.[9] I 2002 kåra Uncut songen til den 23. beste Bob Dylan-songen.[10] Den australske musikkritkaren Toby Creswell inkluderte songen i boka si 1001 Songs: The Great Songs of All Time and the Artists, Stories and Secrets Behind Them.[6]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Heylin, C. (2009). Revolution in the Air. Chicago Review Press. s. 224–226. ISBN 978-1-55652-843-9. 
  2. 2,0 2,1 Gray, M. (2008). The Bob Dylan Encyclopedia: Revised and Updated Edition. Continuum. s. 395–396. ISBN 978-0826429742. 
  3. «Bruce Langhorne». allmusic. Henta 22. juli 2009. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 «Love Minus Zero/No Limit». allmusic. Henta 20. oktober 2009. 
  5. Shelton, R. (1986). No Direction Home. Da Capo Press. s. 272–273, 421. ISBN 0-306-80782-3. 
  6. 6,0 6,1 Creswell, Toby (2006). 1001 Songs: The Great Songs of All Time and the Artists, Stories and Secrets Behind Them. Da Capo Press. s. 803. ISBN 978-1560259152. 
  7. 7,0 7,1 Gill, A. (1998). Don't Think Twice, It's All Right. Thunder's Mouth Press. s. 71–72. ISBN 1 56025 185 9. 
  8. «Love Minus Zero/No Limit covers». allmusic. Henta 20. oktober 2009. [daud lenkje]
  9. «100 Greatest Dylan Songs». Mojo. November 2005. Henta 24. juli 2009. 
  10. «Uncut – Top 40 Dylan Tracks». Uncut. June 2002. Henta 20. oktober 2009.