Love You Live

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Love You Live
Konsertalbum av The Rolling Stones
Utgjeve 23. september 1977
Innspelt 1975-1977
Sjanger Rock
Lengd 83:12
Selskap Rolling Stones/Atlantic
Virgin (nyutgjeving)
Produsent The Glimmer Twins
Kritikk
The Rolling Stones-kronologi
Black and Blue
(1976)
Love You Live Some Girls
(1978)

Love You Live er eit dobbelt konsertalbum av The Rolling Stones, frå 1977. Songane er henta frå turneane som bandet gjorde i Amerika sommaren 1975 og Europa i 1976, samt frå nattklubben El Mocambo i Toronto i 1977. Albumet er det tredje offisielle konsertalbumet til bandet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Nye lydspor vart lagt på frå seint i mai til midten av juni 1977, då det òg vart miksa. Med på albumet er Billy Preston og Ian Stewart på piano. Plateomslaget på Love You Live vart laga av Andy Warhol. Plata kom ut i september 1977 og selde godt. Det nådde tredjeplassen i Storbritannia, femteplass i USA og tiandeplass i Noreg.

Love You Live var det siste The Rolling Stones-albumet der Rolling Stones Records internasjonalt vart distribuert av Warner Music. På dei neste albuma tok EMI over denne rolla, medan Warner kunne var distributør i Nord-Amerika.

Love You Live var òg det siste albumet der Keith Richard stava namnet sitt slik. På neste albumet, Some Girls i 1978, hadde han lagt til ein s i namnet sitt, Keith Richards. Keith Richards hadde like etter albumet vart spelt inn vorte fengsla for å ha på seg heroin i Canada.

Stones valde å avslutte konsertalbumet med ei heile side med innspelingar frå El Mocambo Club i Toronto frå 4. og 5. mars 1977. Meininga deira var å spele fleire klassiske blues- og R&B-songar som dei hadde starta karrieren sin med på Crawdaddy Club i 1963. Då bandet kom fram til Toronto viste det seg at Richards framleis var i London. Etter åtte dagar, mange sinte telefonsamtalar og telegram kom Richards og kjærasten Pallenberg omsider til Canada. Medan Richards var på flyet til Toronto sette han ei sprøyte heroin og gøymde resten av dopet i bagasjen til kona, som vart teken i tollen i Canada. Tollevesenet let dei dra til hotellet, men eit par dagar seinare kom politiet på døra og tok Richards med så mykje heroin at dei kunne sikte han for innførsel, i tillegg til besittelse.

Den nervøse stemninga i bandet førte til gnistrande framføringar av «Mannish Boy» og «Around and Around» på El Mocambo, men det vart lagt oppå fleire gitarspor i studio i ettertid. April Wine var oppvarming for bandet, og The Rolling Stones stod oppført med eit anna namn på plakaten, slik at dei fleste i publikum trudde dei kom til ein April Wine-konsert. April Wine spelte òg inn konsertalbumet Live at the El Mocambo på desse konsertane.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Intro: Excerpt From 'Fanfare for the Common Man(Aaron Copland) 1:24
2. «Honky Tonk Women»   3:19
3. «If You Can't Rock Me»/«Get off of My Cloud»   5:00
4. «Happy" – 2:55»   2:55
5. «Hot Stuff»   4:35
6. «Star Star»   4:10
Side to
# Tittel Lengd
7. «Tumbling Dice»   4:00
8. «Fingerprint File»   5:17
9. «You Gotta Move» (Fred McDowell/Rev. Gary Davis) 4:19
10. «You Can't Always Get What You Want»   7:42
Side tre
# Tittel Lengd
11. «Mannish Boy» (Ellas McDaniel/McKinley Morganfield/Mel London) 6:28
12. «Crackin' Up»   5:40
13. «Little Red Rooster» (Willie Dixon) 4:39
14. «Around and Around» (Chuck Berry) 4:09
Side fire
# Tittel Lengd
15. «It's Only Rock 'n Roll (But I Like It)»   4:31
16. «Brown Sugar»   3:11
17. «Jumpin' Jack Flash»   4:03
18. «Sympathy for the Devil»   7:51

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]