Low

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Low
Studioalbum av David Bowie
Utgjeve 14. januar 1977
Innspelt Château d'Hérouville i Pontoise i Frankrike
Hansa Studio ved Berlinmuren i Vest-Berlin, 1976
Sjanger Eksperimentell rock, kunstock, krautrock, elektronisk, ambient
Lengd 38:48
Selskap RCA Records
Produsent David Bowie og Tony Visconti
Kritikk
David Bowie-kronologi
Station to Station
(1976)
Low "Heroes"
(1977)

Low er eit album av den britiske artisten David Bowie frå 1977, produsert av Bowie og Tony Visconti.[11] Det vert i stor grad rekna som eit av dei viktigaste album hans, og var den første i «Berlintriologien», ei rekkje samarbeid med Brian Eno (sjølv om det meste av albumet i røynda vart spelt inn i Frankrike og berre miksa i Vest-Berlin). Den eksperimentelle, avantgarde-stilen vart utforska vidare på "Heroes" og Lodger. Arbeidstittelen på albumet var New Music Night and Day.[12]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til Low ligg i både grunnlaget lagt av Bowie på det førre albumet Station to Station, og musikken han meinte å lage for filmen The Man Who Fell to Earth. Då Bowie presenterte songane sine for filmen til Nicolas Roeg, meinte regissøren at dei ikkje var passande. Roeg ønskte ein meir folkeaktig stil, sjølv om John Phillips (som vart valt som komponist av filmmusikken) skildra bidraga til Bowie som «stemningskapande og vakre».[13] Delar av desse stykka vart nytta på Low i staden for. Plateomslaget, som på Station to Station, er eit stillbilete frå filmen. Biletet av Bowie i profil, med tittelen på albumet over, var meint som eit ordspel som sa «low profile» (låg profil).[14]

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Albumet var produsert av Bowie i lag med Tony Visconti, samt bidrag frå Brian Eno.[11] Bowie var i ferd med å kome seg etter eit tungt kokainmisbruk, og fleire av songane på Low omhandlar derfor vanskelege tema. Mange av songane omhandlar apati, depresjon, framandgjering eller sjølvøydeleggjande oppførsel. Produsent Tony Visconti meinte at tittelen delvis var ein referanse til den «låge» (dårlege) humøret Bowie var i under skrivinga og innspelinga av albumet.[15]

Formatet albumet kom i var uvanleg for denne tida. Side ein inneheld korte, direkte songfragment, medan side to bestod av lange, hovudsakleg instrumentale songar. På desse songane fekk Bowie hjelp av tidlegare Roxy Music-medlem Brian Eno, som tok med seg sin EMS-«koffert» med ein AKS synthesiser (Bowie fekk seinare akkurat denne synthesiseren i ei gebursdagsgåve etter at ein ven hadde fått tak i han på ein auksjon).[16] Eno vert ofte feilaktig omtalt som produsent på Low,[17] men var ansvarleg for ein god del rettleiing og medverknad til komposisjonane på den andre sida av albumet. Han skreiv temaet og instrumenteringa for «Warszawa», medan Bowie var i Paris i ei rettsak mot den tidlegare manageren sin. Eno fekk igjen hjelp av den fire år gamle sonen til produsent Tony Visconti, som sat ved sidan av Eno og spelte A, H, C om att og om att på pionet i studioet. Denne linja vart temaet i «Warszawa». Då Bowie kom attende spelte Eno verket for Bowie, som vart imponert og raskt skreiv ein svak austeuropeisk-aktig tekst.[18]

Sjølv om musikken var påverka av tyske band som Kraftwerk og Neu!,[12][17] vert dei originale songane på Low rekna for å vere føre si tid, ikkje minst den hole trommelyden produsent Visconti skapte med hjelp av ein Eventide Harmonizer.[14][19]Low kom ut fekk Visconti telefonar frå andre produsentar som lurte på korleis han skapte den unike lyden, men han ville ikkje avsløre dette, og spurte i staden kvar produsent om korleis dei trudde det vart gjort.[19]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Albumet fekk svært variert meldingar då det kom ut, og vart både hylla og slakta. I The Village Voice gav kritikar Robert Christgau albumet B+,[3] og indikerte at det var «ei god plate, minst ei side kan spelast om att og om att og den andre inneheld minst ein god song.»[20] Christgau meinte at «dei sju 'fragmenta' på side ein er nesten like mektige som dei overlange spora på Station to Station», men «filmmusikken på side to er er langt frå hypnotiske og er nesten banale.»[3] Rolling Stone-journalist John Milward skreiv at «Bowie manglar sjølvsikker humor til å vere heldig med gjennomføringa av sine avantgarde forsøk.» og meinte at den andre sida på albumet var svakare enn den første, og skreiv at «side ein, der Bowie arbeider innanfor vanleg rock, er langt betre enn eksperimenta på side to, rett og slett fordi eit band tvinger inn disiplin i låtskrivinga og framføringa til Bowie.».[6] Los Angeles Times-journalist Robert Hilburn hadde liknande meiningar og skreiv at «I 12 minuttar er dette det mest slåande og tilfredsstillande albumet sidan Ziggy. Men dei gjenverande 26 minutta, inkludert heile side 2, omhandlar ein eksentrisk kunstrockstil som rett og slett går for langt forbi popkjensla til at det klarar å skape mykje entusiasme».[21]

I kontrast til dette kalla Billboard den andre sida på albumet for «det mest vågale og i sterk kontrast til dei få forvrengde hardrocksongane på side ein», og skreiv at Low «legg vekt på den seriøse låtskrivinga til Bowie som berre tida kan sei om det vil appellere til folk som har sett han gå gjennom forskjellige musikalske fasar.»[22] John Rockwell frå The New York Times skreiv at «Det er nesten ikkje noko vokal, og dei som er er stort sett tankelause burleske vers høyrt i det fjerne. Instrumentale er rare og eksentriske. Likevel slår heile saka lyttaren som usedvanleg, fortryllande vakkert».[4] Rockwell skildra lyden som «ei rar blanding av Roxy Music, Eno sine eigne soloalbum, Talking Heads og ein indonesisk gamelan. Likevel er det mogeleg å høyre at det er eit David Bowie-album», og konkluderte med at «så snart tilhengjarane til Mr. Bowie kjem over det første sjokket etter den siste retningsendringa hans, vil dei kanskje forstå at han har laga ei av dei beste platene i karrieren sin».[4] Albumet vart ein kommersiell suksess og nådde andreplassen i Storbritannia og 11. plass i USA. I Noreg nådde albumet 10. plass. «Sound and Vision» og «Be My Wife» vart gjeven ut som singlar, og den førstnemnde nådde 3. plass i Storbritannia.

Low har sidan ligge på toppen av mange kritikarlister. Det vart kåra til det beste albumet i 1970-åra av Pitchfork Media.[23] I 2000 plasserte Q det på 14. plass på lista deira over dei 100 beste britiske albuma nokon gong.[24] I 2003 vart albumet rangert på 249. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.[25] I ei retrospektiv melding gav The Rolling Stone Album Guide Low 5 av 5 stjerner og skriv at «det er musikken til eit overstimulert sinn i ein utsliten kropp [...] slenterer gjennom nokre seriøst kjenslemessige vrak.»[26]

Tilpassingar[endre | endre wikiteksten]

Nick Lowe tok på morosamt vis «hemn» mot namnet på albumet ved å kalle EPen sin frå 1977 Bowi. Før dei tok namnet Joy Division, spelte bandet under namnet Warsaw som ein referanse til songen «Warszawa» på Low[27] Philip Glass baserte den klassiske komposisjonen sin Low Symphony frå 1992 på Low, med hjelp frå både Bowie og Eno.[28]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av David Bowie, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Speed of Life»   2:46
2. «Breaking Glass» (Bowie, Dennis Davis, George Murray) 1:52
3. «What in the World»   2:23
4. «Sound and Vision»   3:05
5. «Always Crashing in the Same Car»   3:33
6. «Be My Wife»   2:58
7. «A New Career in a New Town»   2:53
Side to
# Tittel Lengd
8. «Warszawa» (Bowie, Brian Eno) 6:23
9. «Art Decade»   3:46
10. «Weeping Wall»   3:28
11. «Subterraneans»   5:39

Nye utgåver[endre | endre wikiteksten]

Albumet har vorte gjeve ut tre gonger på CD. Den første gongen i 1984 av RCA Records, den andre i 1991 av Rykodisc (med tre bonusspor), og den tredje gongen i 1999 av EMI (med nymastra digitallyd og utan bonusspor).

Bonusspor 1991[endre | endre wikiteksten]

  1. «Some Are» (tidlegare ikkje gjeve ut) – 3:24
  2. «All Saints» (tidlegare ikkje gjeve ut) – 3:25
  3. «Sound and Vision» (1991 remix av David Richards) – 4:43

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen Thomas (1 November 2001). Review: Low. Allmusic. Henta 8. mai 2011.
  2. Goldring, Susie (18 April 2007). Review: Low. BBC Online. Henta 8. mai 2011.
  3. 3,0 3,1 3,2 Christgau, Robert (14 February 1977). "Consumer Guide: Low". The Village Voice. Henta 8. mai 2011.
  4. 4,0 4,1 4,2 Rockwell, John (14 January 1977). Review: Low. The New York Times. Henta 8. mai 2011.
  5. Columnist (1999). "Review: Low". Q: 108.
  6. 6,0 6,1 Milward, John (21 April 1977). Review: Low. Rolling Stone. Henta 8. mai 2011.
  7. Sheffield, Rob (5 November 2001). Review: Low. Rolling Stone. Henta 8. mai 2011.
  8. Marks, Craig (10 October 1995). "Review: Low". Spin.
  9. Mathers, Ian (25 May 2004). Review: Low. Stylus Magazine. Henta 8. mai 2011.
  10. Larkin, Colin (1 March 2002). "Review: Low". Virgin Encyclopedia of Popular Music: 303–304.
  11. 11,0 11,1 James E. Perone. The words and music of David Bowie. Greenwood Publishing Group, 2007. s. 60. 
  12. 12,0 12,1 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.87–90
  13. Hugo Wilcken (2005). Low: s.16–22
  14. 14,0 14,1 David Buckley (1999). Strange Fascination – David Bowie: The Definitive Story: s.299–315
  15. BowieGoldenYears. Henta 8. mai 2011.
  16. Hugo Wilcken (2005). Op cit: s.59–69
  17. 17,0 17,1 Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.302–306
  18. Hugo Wilcken (2005). Op cit: s.113–118
  19. 19,0 19,1 Hugo Wilcken (2005). Op cit: s.69–73
  20. Christgau, Robert. Consumer Guide: Grades 1969–89. Robert Christgau. Henta 8. mai 2011.
  21. Hilburn, Robert (16 January 1977). Review: Low. Los Angeles Times. Henta 8. mai 2011.
  22. Columnist (15. januar 1977). "Review: Low". Billboard: 80.
  23. «Pitchfork Feature: Top 100 Albums of the 1970s». Arkivert frå originalen den 2008-09-23. http://web.archive.org/20080923144717/www.pitchforkmedia.com/article/feature/36725/Staff_List_Top_100_Albums_of_the_1970s/page_10. Henta 8. mai 2011. 
  24. «Q – End of Year Lists». http://www.rocklistmusic.co.uk/qlists.html#100%20Greatest%20British%20Albums. Henta 8. mai 2011. 
  25. «The RS 500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/news/story/5938174/the_rs_500_greatest_albums_of_all_time/. 
  26. R.S. (2 November 2004). "Review: Low". The Rolling Stone Album Guide: 97–98.
  27. Curtis, Deborah (2007). Touching from a Distance. London: Faber and Faber. ss. 43–44. ISBN 978-0-571-23956-6. 
  28. «Philip Glass: Music: "Low" Symfoni». www.philipglass.com. http://www.philipglass.com/music/recordings/low_symfoni.php. Henta 8. mai 2011.