Lowell George

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lowell George
Little Feat Lowell George.jpg
Verkeleg namn Lowell Thomas George
Fødd 13. april 1945, Hollywood i California USA
Død 29. juni 1979 (34 år), Arlington i Virginia USA
Instrument gitar, vokal, munnspel, fløyte, saksofon, sitar
Sjanger Bluesrock, rock and roll, boogierock, southern rock, countryrock, R&B, blues, funk, blue-eyed soul, swamp rock
Aktive år 1965–1979
Yrke Musikar, låtskrivar, plateprodusent, skodespelar
Tilknytte artistar Little Feat, Mothers of Invention
Plateselskap Warner Bros.
Nettstad littlemed.net
Kjende instrument
Fender Stratocaster

Lowell Thomas George (13. april 194529. juni 1979) var ein amerikansk låtskrivar, multiinstrumentalistar og plateprodusent, som var den fremste gitaristen, vokalisten og låtskrivaren i rockebandet Little Feat.[1] Lowell George var fødd i Hollywood i California som son av Willard H. George, ein pelshandlar som avla chinchillaer (haremus) og leverte pels til filmstudio.

Det første instrumentet til George var munnspel. I ein alder av seks år opptredde han på Ted Mack's Original Amateur Hour der han framførde ein duett med den eldre broren sin Hampton. På Hollywood High School byrja han spille fløyte i orkestret til skulen, og då han var elleve år gammal byrja han å lære seg gitar samstundes som han heldt fram å spele munnspel. Seinare lærde han seg saksofon og det den gongen sjeldne instrumentet sitar. Han spelte gitar saman med ein skulekamerat og framtidige bandmedlem, Paul Barrere.

Musikkarriere[endre | endre wikiteksten]

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Det første bandet til George, The Factory, vart starta i 1965. Blant medlemmane var framtidige trommeslagar i Little Feat, Richie Hayward, (som erstatta Dallas Taylor i september 1966), og Martin Kibbee (òg kjent som Fred Martin) som seinare skreiv fleire av Little Feat sine songar med George, blant anna «Dixie Chicken» og «Rock & Roll Doctor». Frank Zappa produserte to songar for gruppa. The Factory hadde ei framferd på situasjonskomedien F Troop på 1960-talet som «The Bed Bugs».

Etter at gruppa vart oppløyst vart George for ein kort periode medlem av gruppa The Standells. Deretter følgde nokre få månader i slutten av 1968 og byrjinga av 1969 der George var medlem av bandet til Zappa, Mothers of Invention, og speler på albumet Weasels Ripped My Flesh, og han spelte gitar og song på fleire spor av den første plata av Zappa si You Can't Do That on Stage Anymore, Volume 5, inkludert ein versjon av «Here Lies Love», med George Lowell som førstesanger. George vart òg med Peter Tork i den første gruppa hans etter The Monkees, Release.

Little Feat[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha forlate Mothers of Invention inviterte George dei gamle musikarane sine til å opprette ein nytt band som dei gav namnet Little Feat (= Små føter).

George spelte vanlegvis, men ikkje alltid, førstegitar saman med Barrere og var ofte slidegitarist. Ry Cooder spelte slide på den opphavlege innspelinga, men George spelte på nytt delar av dette. Mark Brend har skrive at det var George si «nytte av kompresjon som definerte lydane hans og gav han midlane til å spele sine vidstrakte melodiske linjer».[2]

Utanfor gruppa spelte George gitar på John Cale-albumet Paris 1919 (1973), Harry Nilsson-albumet Son of Schmilsson (Take 54) og på The Meters sin «Just Kissed My Baby» i 1974. Sistnemnde er han ikkje kreditert, men er vorten verifisert av Leo Nocentelli.

På 1970-talet gav Little Feat ut ei rekkje studioalbum: Little Feat, Sailin' Shoes, Dixie Chicken, Feats Don't Fail Me Now, The Last Record Album, og Time Loves A Hero. Konsertalbumet til gruppa frå 1978, Waiting for Columbus, vart det mestseljande albumet deira.

Payne og Barrere forlét gruppa i 1979.

Lowell George var musikkprodusent for andre, og produserte Grateful Dead-albumet Shakedown Street (1978), omfram òg Little Feats eigne album, Valerie Carter-album frå 1977, Just A Stone's Throw Away, og sitt eige soloalbum frå 1979, Thanks, I'll Eat it Here.

Død[endre | endre wikiteksten]

Den 15. juni 1979 la George ut på turné etter det første soloalbumet sitt. Han vart sjuk i hotellrommet sitt i Arlington County og døydde den 29. juni 1979. Ein obduksjon viste at han døydde av hjartesvikt.[3] Han vart kremert i Washington, DC den 2. august. Oska hans vart flydd tilbake til Los Angeles der ho vart spreidd utover Stillehavet frå fiskebåten hans. Han etterlét seg dottera Inara George som òg er musikar, og ein son.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Ein veldedighetskonsert for familien til Lowell George vart halden kort tid etter han døydde i The Forum i Los Angeles den 4. august 1979 der Little Feat, Jackson Browne, Linda Ronstadt, Bonnie Raitt, Nicolette Larson, og andre musikar opptredde.

Songen «Ride Like The Wind» på den sjølvtitulerte albumet frå 1979 av Christopher Cross var dedisert til Lowell George.

Jackson Browne minnast George i songen sin frå 1980, «Of Missing Persons»,[4] skriven om George og adressert til dottera hans Inara George.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st ed.). London: Reed International Books Ltd. s. 283. CN 5585. 
  2. Brend, Mark (2002): Rock and roll Doctor – Lowell George: Guitarist, Songwriter and Founder of Little Feat, Backbeat Books, s. 75.
  3. Loder, Kura: Lowe-Carter rock wedding. Anchorage Daily News – 14. september 1979.
  4. «Of Missing Person sin»; albumet Hold Out vart utgjeve i juni 1980 og gjekk rett opp på førsteplass. Han vart sertifisert som platina innan 3 månader etter utgjevinga og vart på listene i 38 veker. Songen «Of Missing Persons» var skriven av Browne om Lowell George, ein ven som var djupt sakna, og songen var dedisert til Lowells dotter.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]