Lu'an

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Landskap i Lu'an, om vinteren
Lu'an (gul) i Anhui

Lu'an (kinesisk: 六安; pinyin: Lù'ān) er eit byprefektur vest i provinsen Anhui i Kina. Prefekturet har eit areal på 18 141 km² og 5 612 590 innbyggjarar (2010). Byprefekturet Lu'an består av to distrikt og fem fylke.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 105 går gjennom prefekturet. Denne viktige trafikkåra tek til i Beijing, og går sørover og endar ved kysten i Zhuhai i provinsen Guangdong. Vegen går innom storbyer som Tianjin, Dezhou, Jining, Shangqiu, Jiujiang, Nanchang og Guangzhou.

Også Kinas riksveg 312 går gjennom området. Han fører frå Shanghai og endar på grensa mot Kasakhstan, og passerer mellom anna Suzhou, Nanjing, Hefei, Xinyang, Xi'an, Lanzhou, Jiayuguan og Urumqi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]