Hue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Lua)
Jente kledd i ei moderne strikkehue med oppbrett

Hue eller huve, òg kalla lue eller luve, er eit mjukt hovudplagg som, til skilnad frå hatt, ikkje har brem, men kan ha skugge. Huer finst i ei mengd variantar for born og vaksne, kvinner og menn, både historiske, seremonielle og moderne. Før vart huer særleg brukt som varmande og vernande plagg av arbeidsfolk, sjuke, kvinner og barn, noko som gjorde at hua hadde lågare status enn hatten.

Moderne huer[endre | endre wikiteksten]

Enkle strikkehuer finst i dag i ulike fargar, merke, snitt og material. Mens huer tidlegare nesten berre var ytterklede, kan ein i dag også bera dei som moteplagg innendørs. Marknadsføringa av huer av merke som DC, Burton og Volcom rettar seg fyrst og fremst mot den store marknaden for ungdomsmotar, særleg snowboard- og hiphop-miljø. Andre populære huemerke i Noreg er Kari Traa, Dæhlie, Ulvang, Helly Hansen og andre. Dei siste åra har topphue med ball hatt ein renessanse. Det store utvalet er rekna på både kvinner og menn, vaksne og barn. Prisar på nye huer ligg til vanleg mellom 100 til 300 kroner.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hue