Lublin-voivodskapet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lublin-voivodskapet
Województwo lubelskie
Flagget til Lublin-voivodskapet Våpenet til Lublin-voivodskapet
Flagget til Lublin-voivodskapet Våpenet til Lublin-voivodskapet
Plasseringa til Lublin-voivodskapet i Polen
 
Land: Polen
Hovudstad: Lublin
Fylke: 4 byar og 20 landfylke
Gmina: 213
Folketal: 2 175 251 (2006)
Areal: 25 155 km²
Folketettleik: 86 /km²
Heimeside: www.lubelskie.pl/

Lublin-voivodskapet (polsk województwo lubelskie eller berre Lubelskie) er ein av 16 voivodskap i Polen. Det ligg aust i Polen og vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Lublin, Chełm, Zamość, Biała Podlaska, Tarnobrzeg og Siedlce. Voivodskapet har fått namn etter den største byen og hovudstaden, Lublin.

Lublin-voivodskapet grensar til Subkarpatiske voivodskap i sør, Święty Krzyż-voivodskapet i sørvest, Masoviske voivodskap i vest og nord, Podlasie-voivodskapet langs ei kort grense i nord og Kviterussland og Ukraina i aust. I 2006 hadde provinsen 2 175 251 og eit areal på 25 155 km².

Historie[endre | endre wikiteksten]

Potocki familiepalass i Międzyrzec Podlaski

Den historiske regionen som utgjorde området som Lublin-voivodskapet ligg i før delingane av Polen, vart kalla Lubelszczyzna. Det har vore provinsar sentrert rundt Lublin gjennom det meste av historia til Polen.

Før den andre verdskrigen var området eit av dei største sentra før jødedom. Før midten av 1500-talet var det eit fåtal jødar i området, konsetert i Lublin, Kazimierz Dolny og kanskje Chełm, men då nye private byar vart bygd i området flytta mange jødar her for å utvikle handel og servicenæring. . På midten av 1700-talet var det ein stor del jødar i Kraśnik, Lubartów og Łęczna. På 1900-talet utgjorden jødane 70 % av innbyggjartalet i elleve byar og nær 100 % av folketalet i Laszczów og Izbica.

Før krigen budde 300 000 jødar i regionen, og her vart konsentrasjonsleirane Majdanek og Belzec bygd, samt fleire arbeidsleirar (Trawniki, Poniatowa, Budzyn, Puławy, Zamość, Biała Podlaska og i Lublin Lindenstraße 7, Flugplatz og Sportplatz), som produserte militærutstyr for Wehrmacht og Luftwaffe). Dette var ein gong ein av dei støreste leirane der arbeidarane arbeidde under tvang i det okkuperte Europa med om lag 45 000 jødar. Etter krigen forlet stort sett dei få gjenlevande jødane området.

Byar[endre | endre wikiteksten]

Voivodskapet inneheld 41 byar. Folketala er frå 2006 [1]):

1. Lublin (354 272)
2. Chełm (67 989)
3. Zamość (66 613)
4. Biała Podlaska (58 010)
5. Puławy (49 839)
6. Świdnik (40 037)
7. Kraśnik (36 072)
8. Łuków (30 564)
9. Biłgoraj (27 225)
10. Lubartów (22 950)
11. Łęczna (21 689)
12. Tomaszów Lubelski (20 118)
13. Krasnystaw (19 434)
14. Hrubieszów (18 617)

15. Dęblin (17 933)
16. Międzyrzec Podlaski (17 162)
17. Radzyń Podlaski (16 133)
18. Włodawa (13 630)
19. Janów Lubelski (11 938)
20. Parczew (10 281)
21. Poniatowa (9 911)
22. Ryki (9 716)
23. Opole Lubelskie (8 832)
24. Bełżyce (7 054)
25. Terespol (5 969)
26. Szczebrzeszyn (5 299)
27. Bychawa (5 285)
28. Rejowiec Fabryczny (4 533)

29. Nałęczów (4 243)
30. Kazimierz Dolny (3 572)
31. Kock (3 478)
32. Tarnogród (3 372)
33. Zwierzyniec (3 344)
34. Krasnobród (3 047)
35. Stoczek Łukowski (2 719)
36. Annopol (2 690)
37. Piaski (2 626)
38. Józefów (2 450)
39. Ostrów Lubelski (2 245)
40. Tyszowce (2 242)
41. Frampol (1 415)

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Lublin-voivodskapet er delt inn i 24 fylke eller powiat. Av desse er det fire byfylke og 20 landfylke. Desse er vidare delt inn i 213 gmina eller kommunar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 51°13′22″N 22°54′10″E