Lubusz-voivodskapet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lubusz-voivodskapet
Województwo lubuskie
Flagget til Lubusz-voivodskapet Våpenet til Lubusz-voivodskapet
Flagget til Lubusz-voivodskapet Våpenet til Lubusz-voivodskapet
Plasseringa til Lubusz-voivodskapet i Polen
 
Land: Polen
Hovudstad: Gorzów Wielkopolski
Fylke: 2 byar og 12 landfylke
Gmina: 83
Folketal: 1 008 424 (2006)
Areal: 13 985 km²
Folketettleik: 72 /km²
Heimeside: www.lubuskie.pl/

Lubusz-voivodskapet (polsk województwo lubuskie eller berre Lubuskie) er ein av 16 voivodskap i Polen. Det ligg vest i landet og vart oppretta 1. januar 1999 frå dei tidlegare voivodskapa Gorzów Wielkopolski og Zielona Góra. Provinsen er kalla opp etter det historiske området Lubuszlandet (Lebus eller Lubus), men ein stor del av voivodskapet høyrer eigentleg til den historiske regionen Schlesien.

Voivodskapet har to administrasjonssenter, Gorzów Wielkopolski og Zielona Góra. Gorzów er setet til den sentralt utpeikte voivoden eller guvernøren, medan Zielona Góra er setet til den valde rådsforsamlinga.

Regionen er hovudsakleg flat med mange innsjøar og skogområde. I sør, rundt Zielona Góra, vert det dyrka druer.

Lubusz-voivodskapet grensar til Vestpommerske voivodskap i nord, Storpolske voivodskap i aust, Nederschlesiske voivodskap i sør og Tyskland i vest.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første leiarane over polakkane, Mieszko I og særleg Boleslaw I, la under seg fleire omliggande område til den nyleg oppretta polske staten, og Lebusland eller Lubusz i Lausitz kom under polsk styre. Delar av den historiske provinsen låg på vestbreidda av elva Oder, der hovudbusetnaden Lubusz, seinare kjend som den tyske byen Lebus, låg.

I 1226 kom Lebusland direkte under Det tysk-romerske riket og rundt 1250 kom det under dei askanske markgrevane av Brandenburg. Av polske kommunistar vart det derfor stundom kalla den første polske provinsen som fall under den tyske ekpansjonismen.

Sovjetunionen erobra Aust-Tyskland i 1945 vart grensa mot Polen teikna opp på nytt. Den austlege delen av Lubusz- eller Lebusregionen vart overført til Polen.

Under den administrative reforma i 1998, der dei nye voivodskapa vart danna, skulle ikkje opphavleg Lubusz-voivodskapet opprettast. Gorzów skulle eigentleg verte ein del av Vestpommerske voivodskap, Zielona Góra skulle verte ein del av Nederschlesiske voivodskap og andre delar av regionen skulle verte ein del av Storpolske voivodskap. Som følgje av protestar frå innbyggjarane, valde ein derimot å opprettinga av eit eige voivodskap.

Byar og landsbyar[endre | endre wikiteksten]

Voivodskapet inneheld 42 byar og landsbyar. Folketala i lista under er frå 2006 [1]):

1. Gorzów Wielkopolski (125 204)
2. Zielona Góra (118 201)
3. Nowa Sól (40 351)
4. Żary (38 967)
5. Żagań (26 580)
6. Świebodzin (21 679)
7. Międzyrzecz (18 722)
8. Sulechów (17 862)
9. Kostrzyn nad Odrą (17 725)
10. Słubice (17 199)
11. Gubin (16 974)
12. Lubsko (14 767)
13. Wschowa (14 573)
14. Szprotawa (12 613)
15. Krosno Odrzańskie (12 100)
16. Drezdenko (10 332)
17. Strzelce Krajeńskie (10 143)
18. Skwierzyna (10 010)
19. Sulęcin (9 972)
20. Kożuchów (9 592)
21. Witnica (6 849)

22. Rzepin (6 499)
23. Zbąszynek (5 087)
24. Nowogród Bobrzański (5 036)
25. Jasień (4 526)
26. Bytom Odrzański (4 365)
27. Babimost (4 150)
28. Czerwieńsk (4 138)
29. Iłowa (3 975)
30. Sława (3 893)
31. Ośno Lubuskie (3 769)
32. Kargowa (3 641)
33. Małomice (3 623)
34. Gozdnica (3 454)
35. Dobiegniew (3 187)
36. Nowe Miasteczko (2 828)
37. Cybinka (2 668)
38. Łęknica (2 641)
39. Torzym (2 456)
40. Trzciel (2 363)
41. Lubniewice (1 929)
42. Szlichtyngowa (1 348)

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Lubusz-voivodskapet er vidare delt inn i 14 fylke (powiat), der to er byfylke og 12 er landfylke. Desse er igjen delt inn i 83 gmina eller kommunar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 52°11′43″N 15°20′51″E