Lucas van Leyden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lucas van Leyden

Statsborgarskap Nordlige Nederlandene
Fødd 1494
Leiden
Død

1533 (39 år)
Leiden

Yrke kunstmålar, grafikar, kobberstikker, grafikar
Språk nederlandsk
Far Huygh Jacobsz.
Lucas van Leyden på Commons

Lucas van Leyden eller Lucas Huyghenszoon (14891533) var ein nederlandsk gravør og målar, fødd og død i Leiden. Han var ein av Nederlands fyrste sjangermålarar, og laga i fyrste halvdelen av 1500-talet nokre av dei finaste arbeida i tresnitt og særleg koparstikk.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Lucas var son og elev av målaren Huigh Jacobsz, seinare elev av Cornelis Engelbrechtsen. Allereie då han var 14 år gammal viste han seg som ein dyktig koparstikkar, og i den sjangeren skulle han seinare yte sin største innsats. Kvar han lærde seg gravørfaget er ukjent. Sjangeraktige skildringar av folkelivet vart spesialiteten hans.

Knapt 30 år gammal vart han sjuk og sidan lenka til senga resten av livet. Han heldt likevel fram med å måle. I 1521 trefte han Albrecht Dürer og vart påverka av han, noko som kjem til syne i hans Pasjonssuite og i eit portrett av keisar Maximilian. Mellom andre framifrå arbeid er Dommedags-altaret i Peterskyrkja i Leiden (1526–27). I 1528 kom han under italiensk påverknad, særleg av Marcantonio Raimondi, og dei siste verka hans er fullt ut manieristiske i stilen.

Utvalde verk[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]