Luciadagen
Luciadagen (13. desember) er ein skandinavisk adventstradisjon som blir feira med levande lys, opptog og mat. Luciafeiring og lussefeiring er ei samansett feiring, frå ulike tradisjonar. Ein har feira dagen i Noreg i mange år. Det er likevel i Sverige luciafeiringa står sterkast.
I gamal tid meinte folk at frå luciadagen, og fram til jul, var tida då dei underjordiske og troll var ute. Lucianatta var frå gamalt av den lengste natta i året, det vil seia at tidlegare var vintersolkverv markert på denne dagen. I 1700 gjekk Danmark-Noreg over frå den julianske til den gregorianske kalenderen, slik at vintersolkverv fann stad på ein seinare dato (21. desember).
Luciafeiringa som vi kjenner i dag, er knytt til Heilage (Sankta) Lucia.
Lussekattar er bakverk med safran som er spesielt knytt til luciadagen.
Bakgrunnsstoff [endre]
Sjå òg [endre]
Kjelder [endre]
- Luciadagen på Universitetsbiblioteket i Trondheim
- Delvis omsett frå wikipedia på Bokmål/Riksmål