Lucien Febvre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lucien Febvre

FøddLucien Paul Victor Febvre
22. juli 1878
Nancy
Død11. september 1956
Saint-Amour
NasjonalitetFrankrike
Områdehistorie
Yrkehistorikar, professor
InstitusjonarCollège de France
Université de Bourgogne
Université de Strasbourg
École des hautes études en sciences sociales
École pratique des Hautes Études
Alma materÉcole normale supérieure
Université de Bourgogne
MedlemAcadémie des sciences morales et politiques

Lucien Paul Victor Febvre (22. juli 187811. september 1956) var ein fransk historikar. Han er særleg kjend for rolla han hadde i etableringa av Annales-skulen i historiefaget.

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Febvre kom til verda og voks opp i Nancy i det nordaustlege Frankrike. Faren var filolog, og leia Febvre inn i studiet av antikke tekstar og språk, noko som spela ei viktig rolle for tenkemåten hans. Tjue år gammal reiste han til Paris for å ta til ved École Normale Supérieure. I perioden 1899–1902 studerte han historie og geografi.

Tida i Paris verka sterkt inn på Febvres synsmåtar. Rådande oppfatningar om kunst, filosofi og moderne tenkemåtar spela ei stor rolle i å omdanne hans måte å tenke på. Han tok til seg modernismen, noko som endra hans tidlegare førestillingar så mykje at han til sist meinte han var framand for sin opphavlege filosofiske ståstad. Reint faktabasert historie hadde ikkje lengre interesse for Febvre. I si tilnærming til historiefaget heldt Febvre historiske fakta opp mot geografien, psykologien og kulturen i den epoken han skreiv om.

Etter eksamen ved høgskulen underviste Febvre ved eit gymnas. Der arbeidde han med å utvikle sine teser om kong Filip II av Makedonia og Franche-Comté. I 1912 vart han tilsett som professor i historie ved universitetet i Dijon. To år seinare vart han mobilisert i den franske hæren, der han tenestegjorde under heile verdskrigen. I 1919 fekk han stilling ved universitetet i Strasbourg, byen som atter hadde kome under fransk styre. Medan han var der vart han kjend med Marc Bloch. Dei to hadde mange synsmåtar felles på filosofiske og politiske spørsmål, og vart nære venner.

Totalhistorie[endre | endre wikiteksten]

Febvre sitt arbeid om Filip II vart publisert i 1911. I dette verket prøver han å avgjere samanhengen mellom ymse fakta, og synleggjere desse på ein truverdig måte. Han rekonstruerer liva til landsbyfolket og bybebuarane i tradisjonelle, landlege samfunn i Frankrike ved å knyte saman tidsrette fakta kring geografi og miljø. Med si skildring av elvar, saltgruver, vingardar og andre omgjevnader skaper Febvre eit presist og truverdig bilete av tilværet og synsmåtane i epoken. På det viset kunne Febvre avsløre den negative innverknaden den franske regjeringa hadde på levekåra i provinsen Franche-Comté. Denne måten å skrive historie på er kjent som totalhistorie, og var ei ny form for historieskriving.

I 1929 fekk Febvre publisert eit arbeid om protestantismen. Her forsøker han å studere folkelege religiøse førestillingar gjennom å kvantifisere åtferda til samfunnsmedlemene. Frå eit stort reservoar av kjelder (frå kyrkjer og kloster) var han i stand til å vinne innsikt i korleis presteskapet nærma seg skiftande synsmåtar i kristendomen. Og korleis prestane prøvde å omsetje nye tankar til kyrkjelyden. Gjennom arbeidet med protestantismen vart Febvre oppteken av etnografien, og dette faget sin måte å kvantifisere menneskeleg aktivitet på.

Febvre vart med åra skeptisk til teologien. Han nekta å sjå på menneske som underlagd krefter dei ikkje kan rå med. Religion og gamle tenkemåtar var uforeinlege med, sågar farlege i moderne samfunn. Han vart overbevist om at å endre religiøse haldningar og synsmåtar er like umogleg som å ha avgjerande innverknad på utfallet av politiske og sosiale opprør. Folk trong utdanning skulle dei unngå farane gamle tenkemåtar representerte.

Annales[endre | endre wikiteksten]

Febvre og Bloch etablerte i 1929 tidsskriftet Annales d`Histoire Économique et Sociale (kjent som Annales). Tidsskriftet følgde Febvre sine synsmåtar om historieframstilling. Det vart redigert med tanke på å lære samfunnet om farane i gamle måtar å forstå verda på, for slik å kunne unngå framtidige økonomiske og politiske katastrofar. Tidsskriftet hadde som målsetting å egge akademiske miljø til å forske på samtida, for så å nå ei djupare forståing av fortida. I dei dagar hadde Annales ikkje sin like mellom tidsskrifta.

Annales vart møtt med positive omtalar, og nådde ein stor lesekrins i sine tidlege år. Seinare tok tidsskriftet ein annan kurs, og utgjevarane Bloch og Febvre trekte seg ut.

Febvre fekk i 1933 stilling ved College de France. Han skreiv og publiserte flittig ut gjennom 1930-åra og i byrjinga av 1940-åra. Kollegaen Bloch døydde under verdskrigen, så Febvre førte vidare Annales-tradisjonen i samarbeid med Fernand Braudel. Desse to grunnla i 1947 og deretter styrte eit institutt for økonomiske og sosiale studiar ved École Pratique des Hautes Études.

Febvre døydde i 1956 i Saint-Amour i Frankrike.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]