Ludvík Daněk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gravminnet over Ludvík Daněk

Ludvík Daněk (6. januar 193716. november 1998) var ein tsjekkoslovakiskfriidrettsutøvar frå landsbyen Hořice, som frå 1964 til 1974 høyrde heime i verdseliten i diskoskasting. Danek vart olympisk meister i 1972 og europameister året i førevegen. Dessutan tok han OL-sølv og OL-bronse, samt eitt EM-sølv. Han vart tsjekkoslovakisk meister 14 gongar i tida 1963-76. Tre gongar sette han ny verdsrekord, hans personlege rekord frå 1974 var på 67,18 meter. Han døydde i heimen sin i Hutisko-Solanec.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Danek deltok i den tsjekkoslovakiske friidrettsmeisterskapen fyrste gongen i 1961 og vart nummer åtte i diskoskast. Han fekk sin internasjonale debut året etter, og i 1963 kasta han seg inn i verdseliten i øvinga då han oppnådde 60,04 meter. I mai 1964 sette Danek ny europarekord med 62,45 m, før han så i august same året forbetra verdsrekorden til 64,55 m. Under OL i Tokyo hausten 1964, vart han berre slått av Al Oerter frå USA.

I 1965-sesongen deltok Danek i 42 tevlingar og vann alle, unnateke ei. Seint i sesongen, den 10. oktober vart han fyrstemann i verda til å kaste over 65 meter. Framfor berre 300 tilskodarar i Sokolov sette han sin andre verdsrekord, som målte 65,22 meter. Han forbetra rekorden sin til 66,07 meter den 7. juni 1966 i Long Beach i California. Etter å hå mista verdsrekorden i 1968, var han nær ved å ta han tilbake då han tidleg i juni 1969 på ny var i Long Beach. 66,48 meter var ny europarekord.

I ein tiårsperiode var Danek alltid mellom dei store medaljefavorittane i meisterskapane, men lukkast ikkje så altfor godt dei fyrste åra. Rettnok vann han sølv i OL 1964 og OL-bronse i 1968, men i europameisterskapane lukkast han i før enn i 1971. I 1969 mangla han fire centimeter på bronseplassen, før han endeleg kunne kalla seg europameister etter ein suveren siger i EM i friidrett 1971 i Helsinki. Året etter vart han olympisk meister i øvinga i München, før han avslutta medaljefangsten i 1974 med ein sølvmedalje under EM i Roma. Same året slengde han diskosen 67,18 meter og sette dermed sin niande og siste nasjonale rekord.

Danek vann diskosøvinga i den tsjekkoslovakiske meisterskapen fjorten år på rad. Vinnarkastet i 1963 målte akkurat 60 meter, tretten år seinare vann han med eit kast på 59,96 m. Etter 1976-sesongen la han opp som friidrettsutøvar. Frå utpå 1980-talet sat han i sentrale posisjonar i den nasjonale olympiske komiteen og det tsjekkiske friidrettsforbundet.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • (en) Ludvík Daněk – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.