Ludvig Jerdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Ludvig Jerdal».
Ludvig Jerdal
Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. april 1908
Død

4. november 2003 (95 år)

Yrke journalist

Ludvig Jerdal (2. april 19084. november 2003)[1] var ein norsk journalist, redaktør og målmann. Jerdal var fødd i Kvinesdal, men levde mesteparten av livet i Bergen.

Jerdal var i 33 år journalist i Dagen. Før andre verdskrigen var han journalist i Gula Tidend, og han var eitt år redaktør i Norsk Tidend.

Jerdal var mest kjend for å vere ein strid talsmann for konservativ nynorsk.

Jerdal hadde ei rad organisasjonsverv, bl.a. som leiar i 9 år for Bondeungdomslaget i Bergen, 9 år i Landslaget for spelemenn (1952–1961), 15 år i Vestlandske Mållag, 26 år i Norsk Bladmannalag og 40 år i Vestmannalaget. Jerdal var heiderslagsmedlem i Landslaget for spelemenn og frå Island fekk han Falkeordenen, «Hin Íslenska Fálkaorða». Dessutan vart han tildelt Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond i 1981.

Jerdal var med i motstandsarbeid under andre verdskrigen, og sat tre og eit halvt år i tysk tukthus, etter at Kristian Stein-organisasjonen vart avslørt i oktober 1941.

Referansar[endre | endre wikiteksten]