Ludvig Mathias Lindeman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
L.M. Lindeman
Grava til Lindeman på Vår Frelsers gravlund i Oslo

Ludvig Mathias Lindeman (28. november 181223. mai 1887) var ein norsk komponist, organist og folkemusikksamlar fødd i Trondheim. Han var den første i Noreg som begynte å samle inn folkemusikk systematisk.

Far hans, Ole Andreas Lindeman, var organist og konsertpianist. Ludv. M. Lindeman hadde studert både teologi og musikk og var organist i Vor Frelsers Kirke (no Oslo Domkyrkje) i Oslo i 47 år. Han samla mesta 2 000 norske folkemelodiar. Saman med sonen Peter grunnla han Musikkonservatoriet i Kristiania som seinare vart Norges musikkhøgskole.

I åra 1853–67 gav han ut Ældre og nyere norske Fjeldmelodier. Samlede og bearbeidede for Pianoforte i tre band. Desse hefta inneheld folkemusikk for song, hardingfele, bukkehorn, langeleik og fleire. Desse melodiane var alle arrangerte for piano, slik at stykka miste mange av dei stiltypiske detaljane i norsk folkemusikk, noko som førte til kritikk frå fleire kantar — mellom anna frå Edvard Grieg, sjølv om Grieg brukte materialet i hefta for sine eigne komposisjonar. I originaloppteikningane har Lindeman likevel registrert både uvanlege intervall og rytmiske detaljar. I 1907 vart eit siste hefte i samlinga utgjeve av sonen Peter.

Død og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Ludvig Mathias Lindeman døydde 75 år gammal i Christiania den 23. mai 1887. Han vart gravlagd ved Vor Frelsers Kirke i Christiania. I 1912 vart det reist ein byste av Lindeman ved kyrkja.

39 komposisjonar av L.M. Lindeman står i Norsk Salmebok. Nokre av desse er dei best kjende salmene i norsk tradisjon, til dømes «Krist stod opp av døde», «Påskemorgen slukker sorgen», «Apostlene satt i Jerusalem», «Et barn er født i Betlehem» og «No livnar det i lundar».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]