Ludvig O. Bauer
Ludvig O. Bauer | |
Ludvig O. Bauer | |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. oktober 1866 Kongsberg kommune |
Død | |
Yrke | Lokomotivfører |
Ludvig O. Bauer (fødd 29. oktober 1866 på Kongsberg, død 28. august 1929) var ein norsk lokomotivførar og fagleg tillitsmann, frå 1901 til 1908 formann i Norsk Lokomotivmannsforbund.
Bauer var son av ein lokomotivførar, Lars Olsen Bauer, og byrja sjølv ved jarnbana som ung gut i 1882. I 1893 hadde han vorte lokomotivførar, og i 1918 avanserte han til lokomotivkontrollør. Han jobba ved jarnbana til han seksti år gammal gjekk av som pensjonist i 1926.
Bauer var med på å stifte 1. distrikt av lokomotivpersonalet sin samskipnad i oktober 1893, og vart då nestformann i samskipnaden. I 1897 deltok han på den første skandinaviske konferansen av lokomotivpersonale, avvikla i Stockholm. Han var òg tidleg ute med å reise kravet om spesiell utdanning for lokomotivførarar, eit krav forbundet seinare prioriterte sterkt.[1] Han vart vald til formann i samskipnaden stt 1. distrikt, og var mykje med både i Norsk Lokomotivmannsforbund og i det skandinaviske samarbeidet.[2]
Etter at han vart formann i NLF i 1901 var han sentral i lokomotivførerarane sin lønnsaksjon i 1906.[2] Då han gjekk av som formann i 1908 heldt han fram som forretningsførar, og opprettheldt difor ei sentral rolle i forbundet.[2] Han sat i stillinga som forretningsfører til 1916.
Då han fekk stilling som lokomotivkontrollør kunne han ikkje lengjer vere medlem av NLF. Han fekk likevel æresmedlemskap i samskipnaden til Kristianiaa distrikt, fram til æresmedlemsskapet vart trekt tilbake i 1922, etter det som vart sagt på grunn av framferda hans under jernbanestreiken.[2] Bauer meinte sjølv han ikkje hadde oppført seg klanderverdig, men han nådde ikkje fram med argumentasjonen sin då han tok dette opp med forbundet.[2]
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Ludvig O. Bauer», side 193, Olaf Ingebretsen: Først i sporet gjennom 100 år. Norsk lokomotivmannsforbund 1893-1993, Notabene Forlag, Oslo 1993
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «Ludvig O. Bauer», side 137, Alfred Skar: Norsk Lokomotivmannsforbund gjennom 60 år, NLF, Oslo 1953
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Ludvig O. Bauer», side 137, Alfred Skar: Norsk Lokomotivmannsforbund gjennom 60 år, NLF, Oslo 1953
- «Ludvig O. Bauer», side 193, Olaf Ingebretsen: Først i sporet gjennom 100 år. Norsk lokomotivmannsforbund 1893-1993, Notabene Forlag, Oslo 1993