Ludvig Vilhelm av Baden-Baden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ludvig Vilhelm
TuerkenLouis.JPG
Byste av 'Türkenlouis' utanfor Schloss Favorite i Rastatt i Tyskland
Markgreve av Baden-Baden
Fødd 8. april 1655
Fødestad Hôtel de Soissons i Paris i Frankrike
Død 4. januar 1707 (51 år)
Dødsstad Schloss Rastatt i Tyskland
Gravlagd Stiftskirche i Baden-Baden
Gift med Sibylle av Sachsen-Lauenburg
Far Ferdinand Maximilian av Baden-Baden
Mor Louise av Savoie

Markgreve Ludvig Vilhelm av Baden (8. april 16554. januar 1707) var herskaren av Baden i Tyskland og nestkommanderande av den keisarlege armeen. Han vart òg kalla Türkenlouis (Tyrkar-Ludvig). Då han døydde i 1707 fungerte kona hans Sibylle av Sachsen-Lauenburg som regent av Baden-Baden.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Ludvig var fødd i Paris og var son av prins Ferdinand Maximilian av Baden-Baden arveprinsen av Baden-Baden og den italienske kona hans prinsesse Louise av Savoie. Faren var den eldre sonen til markgreve Vilhelm av Baden-Baden, som han døydde før, og etterlet derfor Ludvig til å overta som markgreve av Baden og leie den katolske greina av huset Zähringen.

Onkelen på morsida var greven av Soissons, faren til den kjende generalen Eugene av Savoie, som Ludvig levde og kjempa i skuggen av, sjølv om syskenbarna òg var allierte i teneste for Det tysk-romerske riket mot franskmennene.

Militærkarriere[endre | endre wikiteksten]

Ludvig vart kalla Türkenlouis eller skjoldet til riket. Tyrkarane kalla han den raude kongen fordi han hadde ei raud uniformsjakke som gjorde han særs synleg på slagmarka. Han forsvarte Europa mot tyrkarane, slik som Eugene av Savoie. Ludvig var kommandant i teneste for Det tysk-romerske riket. I 1689 vart han øvstkommanderande for keisararmeen i Ungarn, der han vann ein avgjerande siger mot osmanarane i Slankamen i 1691. Ludvig såg Osijek som ein stad som var særdeles strategisk viktig i krigen mot osmanarane..[1] Han bad instendig om å få fiksa bymurane og bygde eit nytt fort kalla Tvrđa, som følgde prinsippa til Vauban.[1][2] Kort tid etter vart han sendt for å leie armeen ved Rhinen i niårskrigen.

Han leia seinare keisararmeen i den spanske arvefølgjekrigen der han erobra Landau i september 1702, men måtte raskt trekkje seg attende til andre sida av Rhinen og vart slått av franskmennene under hertugen av Villars i Friedlingen. I 1704 deltok han derimot i det suksessrike tyske felttoget til Marlborough og Eugene av Savoie. Han utmerkte seg i slaget ved Schellenberg og kringsette og tok Ingolstadt og Landau, og trekte slik bayerske soldatar bort frå det avgjerande slaget ved Blenheim.

Han døydde i sitt uferdige Schloss Rastatt i 1707. Kona hans regjerte fram til sonen deira Ludvig Georg tok over styret i oktober 1727.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Mažuran, Ive. «Tvrđa: ishodište Osijeka» (på Croatian). Vijenac (Zagreb: Matica hrvatska) 414. ISSN 1330-2787. 
  2. Krajnik, Damir; Obad Šćitaroci, Mladen (December 2008). «Preobrazba bastionskih utvrđenja grada Osijeka [Conversion of bastion fortifications in Osijek]» (på Croatian) (PDF). Prostor (University of Zagreb, Faculty of Architecture) 16 (2): 168–179. ISSN 1330-0652.