Ludvig XV av Frankrike
| Ludvig XV | |
Louis XV av Louis-Michel van Loo |
|
| Konge av Frankrike og Navarre | |
| Regjeringstid | 1. september 1715 – 10. mai 1774 |
|---|---|
| Kroning | 25. oktober 1722 |
| Fransk | Louis XV |
| Fødd | 15. februar 1710 |
| Fødestad | Versaillespalasset i Frankrike |
| Død | 10. mai 1774 (64 år) |
| Dødsstad | Versaillespalasset i Frankrike |
| Gravlagd | Saint Denis Basilica i Frankrike |
| Føregjengar | Ludvig XIV |
| Etterfølgjar | Ludvig XVI |
| Gemalinne | Maria Leszczyńska |
| Kongehus | Huset Bourbon |
| Far | Louis, dauphin av Frankrike |
| Mor | Marie Adélaïde av Savoie |
Ludvig XV (fransk Louis XV), (15. februar 1710–10. mai 1774) var konge av Frankrike frå 1715.
Han var son av Ludvig av Burgind og Marie Adélaïde av Savoie, og oldebarn av den førre kongen, Ludvig XIV av Frankrike. Både faren og farfaren var døde då han kom på trona. Hertug Filip av Orléans førte formyndarstyret til 1723. I 1725 gifta Ludvig seg med Maria Leszczyńska. Ludvig spelte ikkje personleg noko politisk leiarrole. Han hadde sterke rådgjevarar og elskarinnene hans Madame de Pompadour og Madame Dubarry hadde stor innverknad. Formyndarstyret hadde gjeve parlamenta (dei høgaste domstolane) tilbake retten til å gjere innseiingar mot kongelege forordningar. Regjeringane til Ludvig låg i stadig strid med parlamenta, som forsvarte stands- og provinsprivilegium, særleg når regjeringa søkte å skrive ut nye skattar for å løyse finanskrisa, som vart forverra under dei mange krigane. I 1771 vart parlamentet oppløyst og erstatta av domstolar utan politisk makt, men dei vart gjenninnført etter at Ludvig døydde. Indre konfliktar og inneffektivitet undergravde under regjeringstida til Ludvig respekten for kongedøme. Dette saman med nederlaga i mellom andre den austerrikske arvefølgjekrigen (1740–1748) og sjuårskrigen (1756–1763) peikte fram mot den franske revoulsjonen femten år etter Ludvig døydde.
Med Maria hadde Ludvig mellom anna sonen Ludvig, som vart far til tre kongar: Ludvig XVI, Ludvig XVIII og Karl X.
Kjelder [endre]
- Ludvig 15. (2011-12-30) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Ludvig_15
| Føregjengar Ludvig XIV |
Konge av Frankrike 1715–1774 |
Etterfylgjar Ludvig XVI |