Ludvík Daněk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ludvík Daněk

Statsborgarskap Tsjekkia, Tsjekkoslovakia
Fødd 6. januar 1937
Hořice
Død

16. november 1998 (61 år)
Hutisko-Solanec

Yrke friidrettsutøvar
Språk tsjekkisk
Høgd 193 centimeter
Ludvík Daněk på Commons

Ludvík Daněk (6. januar 193716. november 1998) var ein tsjekkoslovakisk friidrettsutøvar frå landsbyen Hořice, som frå 1964 til 1974 høyrde heime i verdseliten i diskoskasting. Danek vart olympisk meister i 1972 og europameister året i førevegen. Dessutan tok han OL-sølv og OL-bronse, samt eitt EM-sølv. Han vart tsjekkoslovakisk meister 14 gongar i tida 1963-76. Tre gongar sette han ny verdsrekord, hans personlege rekord frå 1974 var på 67,18 meter. Han døydde i heimen sin i Hutisko-Solanec.

Gravminnet over Ludvík Daněk

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Danek deltok i den tsjekkoslovakiske friidrettsmeisterskapen fyrste gongen i 1961 og vart nummer åtte i diskoskast. Han fekk sin internasjonale debut året etter, og i 1963 kasta han seg inn i verdseliten i øvinga då han oppnådde 60,04 meter. I mai 1964 sette Danek ny europarekord med 62,45 m, før han så i august same året forbetra verdsrekorden til 64,55 m. Under OL i Tokyo hausten 1964, vart han berre slått av Al Oerter frå USA.

I 1965-sesongen deltok Danek i 42 tevlingar og vann alle, unnateke ei. Seint i sesongen, den 10. oktober vart han fyrstemann i verda til å kaste over 65 meter. Framfor berre 300 tilskodarar i Sokolov sette han sin andre verdsrekord, som målte 65,22 meter. Han forbetra rekorden sin til 66,07 meter den 7. juni 1966 i Long Beach i California. Etter å hå mista verdsrekorden i 1968, var han nær ved å ta han tilbake då han tidleg i juni 1969 på ny var i Long Beach. 66,48 meter var ny europarekord.

I ein tiårsperiode var Danek alltid mellom dei store medaljefavorittane i meisterskapane, men lukkast ikkje så altfor godt dei fyrste åra. Rettnok vann han sølv i OL 1964 og OL-bronse i 1968, men i europameisterskapane lukkast han i før enn i 1971. I 1969 mangla han fire centimeter på bronseplassen, før han endeleg kunne kalla seg europameister etter ein suveren siger i EM i friidrett 1971 i Helsingfors. Året etter vart han olympisk meister i øvinga i München, før han avslutta medaljefangsten i 1974 med ein sølvmedalje under EM i Roma. Same året slengde han diskosen 67,18 meter og sette dermed sin niande og siste nasjonale rekord.

Danek vann diskosøvinga i den tsjekkoslovakiske meisterskapen fjorten år på rad. Vinnarkastet i 1963 målte akkurat 60 meter, tretten år seinare vann han med eit kast på 59,96 m. Etter 1976-sesongen la han opp som friidrettsutøvar. Frå utpå 1980-talet sat han i sentrale posisjonar i den nasjonale olympiske komiteen og det tsjekkiske friidrettsforbundet.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • (en) Ludvík Daněk – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.