Ludwig Andreas von Khevenhüller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Feltmarskalk Khevenhüller (del av Maria Theresia-monumentet i Wien)

Ludwig Andreas von Khevenhüller, Graf von Aichelberg-Frankenburg (fødd 30. november 1683 i Linz, død 26. januar 1744 i Wien) var ein austerriksk feltmarskalk av ein adelsfamilie frå Franken, som hadde slått seg ned i Kärnten.

Han tente først under fyrst Eugene av Savoie i den spanske arvefølgjekrigen og i 1716 hadde han fått komandoen av eit av Eugene sine dragonregiment. Han utmerkte seg i slaget ved Peterwardein (5. august 1716) og slaget ved Beograd (1717), og i 1723 vart han generalmajor i kavaleriet (General-Feldwachtmeister), i 1726 oberst over eit regiment og i 1733 generalløytnant (Feldmarschalleutnant).

I 1734 førte den polske arvefølgjekrigen i felten igjen. Han var til stades under slaget ved Parma (29. juni 1734), der grev Mercy, den austerrikske kommandanten vart drepen. Han tok over som øvstkommanderande over hæren i Italia etter Mercy, fram til feltmarskalk Königsegg nådde fram. Under Königsegg utmerkte han seg igjen ved slaget ved Guastalla (19. september 1734). Han var igjen kommandant under slaget og dei gode leiareigenskapane han synte gav han graden General av Kavaleriet. Han vart verande i militær og diplomatisk teneste i Italia til slutten av krigen.

I 1737 vart Khevenhüller forfremma til feltmarskalk og fyrst Eugene anbefalte han til sine herskarar som den beste generalen han hadde i teneste. Den største bragda hans var under den tyrkiske krigen, som kom like etter forfremminga hans, og i slaget ved Radojevatz (28. september 1737) bana han og hæren hans seg veg gjennom ein langt større tyrkisk hær. I 1738-1739 vart det gjort store nedskjeringar i forsvarsbudsjettet og Khevenhüller vart kommandør for garnisonen i Wien.

Khevenhüller overgjekk seg sjølv i den austerrikske arvefølgjekrigen. Som øvstkommanderande for hæren ved Donau dreiv han ikkje berre bort dei franske og bayerske styrkane som invaderte Austerrike i løpet av eit par dagar i januar 1742, men rykte òg inn i sørlege Bayern og erobra München, samt tvinga eit stort fransk korps i Linz til å overgje seg. Sommaren 1742 måtte han gje opp erobringane sine fordi han hadde for liten styrke, men i felttoget som følgde, då under fyrst Karl av Lorraine, gjenerobra han Sør-Bayern, og i juni tvinga han keisaren til å inngå den ufordelaktige Nieder-Schönfeld-avtalen. Han talte imot vidare avansement over Rhinen, og i hendingane som følgde viste det seg at han skulle få rett, for austerrikarane måtte falle tilbake frå Rhinen gjennom Franken og Breisgau. Khevenhüller klarte derimot dette i stor stil.

Då han kom heim att til Wien dekorerte Maria Teresia han med ordenen det gylne skinnet. Han døydde brått i Wien den 26. januar 1744.

Khevenhüller skreiv fleire instruksjonsbøker for offiserar og soldatar (Des G. F. M. Grafen von Khevenhüller Observationspunkte für sein Dragoner-Regiment (1734 og 1748) og eit règlement for infanteriet (1737)), og to viktige verk om krig generelt, Kurzer Begriff aller militärischen Operationen (Vienna, 1756; French version, Maximes de guerre, Paris, 1771); og Ideen vom Kriege.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]