Ludwig Kohl-Larsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ludwig Kohl-Larsen
Fødd5. april 1884
Landau in der Pfalz
Død12. november 1969
Sigmarszell
NasjonalitetTyskland
Yrkeoppdagar, antropolog, historikar, lege, paleontolog, etnolog, skribent, scientific collector, zoologisk samler
EktefelleMargit Kohl-Larsen
MedlemCorps Transrhenania München

Ludwig Kohl-Larsen (fødd 5. april 1884 i Landau in der Pfalz, død 12. november  1969) var ein tysk lege, amatørantropolog og oppdagar.

I 1911 reiste han som skipslege med Wilhelm Filchner i Antarktis, men deltok ikkje i ekspedisjonen til Weddellhavet på grunn av blindtarmbetennelse. Ved Sør-Georgia klarte han å kurere seg sjølv og møtte kona si, dottera til Carl Anton Larsen, som grunnla Grytviken. Under den første verdskrigen var han statstilsett lege i Mikronesia. I 1928 vitja han Sør-Georgia med kona si og kameramannen Albert Benitz for å leie den første vitskaplege ekspedisjonen til øya.

I 1931 vart han medlem av Nazistpartiet og utførte, delvis på vegner av Deutsche Forschungsgemeinschaft, ekspedisjonar til Tysk Aust-Afrika på leit etter «det primitive mennesket». I 1934 oppdaga han Australopithecus afarensis ved Laetoli, utan å forstå kor viktig funnet hans var. Han samla òg inn folkeminne frå hadza- og isanzufolk.

Kohl-Larsen og kona Margit gjorde utgravingar ved Mumbagrotta der dei fann mange lekamar frå mellomsteinalderen. Han prøvde å bevise at alle menneske har same opphav, men at afrikanarane framleis var på eit primitivt stadium, medan den ariske rasen hadde utvikla seg vidare. Slik «lære» gjekk imot det meste av dei antropologiske teoriane på den tida i Afrika.

I 1939 vart Kohl-Larsen professor i etnologi ved Universitet i Tübingen. Han mista stillinga si under avnazifiseringa etter krigen, men arbeidde frå 1949 ved Instituttet for tidleg historie i Tübingen.

På grunn av involveringa hans i poltikken, i tillegg til den tvilsame læra hans, har ikkje Kohl-Larsen ei høg stjerne hos forskarar i Aust-Afrika i dag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Ludwig Kohl-Larsen» frå Wikipedia på engelsk, den 2. desember 2012.
  • Kohl-Larsen, Ludwig (1941): Die Issansu, Ackerbauer und Viehzüchter im abflußlosen Gebiet Deutsch-Ostafrikas. Medizin und Kult. Veröffentlichung der Reichsstelle für den Unterrichtsfilm. Reichsstelle für den Unterrichtsfilm.
  • Kohl-Larsen, Ludwig (1956). Das Elefantenspiel. Mythen, Riesen und Stammessagen. Volkserzählungen der Tindiga. Das Gesicht der Völker (på tysk). Eisenach • Kassel: Erich Röth-Verlag.  The book is a collection of Hadzabe myths about giants, also some tribe myths about culture heroes, and anecdotical tales.
  • Kohl-Larsen (1956): Das Zauberhorn—Märchen und Tiergeschichten der Tindiga. Das Gesicht der Völker. Kulturkreis Ostafrikanische Steppenjäger. Dichtung der Kindiga. (Eisenach und Kassel)
  • Kohl-Larsen (1958): Wildbeuter in Ostafrika: Die Tindiga, ein Jager und Sammlervolk. Berlin: Dietrich Reimer Verlag.
  • Kohl-Larsen (1991): Der Mann, der Lucy’s Ahnen fand: Lebenserinnerungen und Materialien herausgegeben von Erich Renner. (Landau 1991) bes. 15, 'Wir suchen die Tindiga' 172-186

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]