Ludwig von Mises

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ludwig Heinrich Edler von Mises

Ludwig Heinrich Edler von Mises (29. september 188110. oktober 1973) var ein austerriksk økonom og ved sida av føregangarane Carl Menger og Eugen von Böhm-Bawerk og arvtakarane Friedrich Hayek og Murray N. Rothbard ein av dei viktigaste representantane for «den austerrikske skulenn» innan nasjonaløkonomi.

Ludwig von Mises var fødd i Lemberg (no Lviv i Ukraina) i ein nyleg adla jødisk familie. Familien flytta til Wien då han framleis var ganske liten, og han studerte ved Universität Wien, der han sidan vart professor. Dei økonomiske verka hans var eit forsvar for liberalismen og eit forsvar for den frie marknaden, og samstundes eit angrep på både sosialisme og nasjonalsosialisme.

I 1934 flytta von Mises til Sveits, der han var professor i Genève fram til 1940. Som jøde frykta han at dei tyske nazistane skulle ta makta i landet, og reiste til New York der han blei gjesteprofessor ved universitetet i 1945 fram til han pensjonerte seg i 1969. Han fekk ikkje løn frå universitetet, men blei i staden støtta av forretningsfolk som Lawrence Fertig.

Då von Mises trekte seg tilbake var han 87 og den eldste aktive professoren i USA. Han døydde 92 år gammal i New York.

Viktige verk[endre | endre wikiteksten]

  • Theorie des Geldes und der Umlaufmittel (1912)
  • Die Gemeinwirtschaft (1922)
  • Grundprobleme der Nationalökonomie (1933)
  • Human action (1949) (eigenleg ein utbygd versjon av Nationalökonomie (1940))

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Ludwig von Mises