Luftkost

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Paasche F#1 luftkost.
Gjennomskjering av luftkost.

Luftkost er eit verktøy nytta for å måla bilete. Arbeidsprinsippet er det same som for sprøytepistolar nytta for å lakkera bilar. Målinga vert tilført gjennom eit røyr omslutta av eit anna røyr med større diameter som det vert blese luft gjennom. Når lyftstraumen passerer gjennom dysa søkk trykket og det strøymer måling ut gjennom opningen på det indre røyret og blandar seg med lufta. Storleiken på målingdråpane vert regulert ved å justera posisjonen til dysa.

Spire Denne teknologiartikkelen som har med kunst å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.